Hopp til innhold

Her er seks gode råd til deg som vil drive med lovleg hummarfiske

Høgsesong for hummarfiske, men mange tek ulovleg fangst. Kjenner du til reglane?

Tjuvfiske av hummar er eit alvorleg og stort problem langs kysten vår.
Kvart år blir det teke svært mange ulovlege hummarteinar.
Tjuvfangsten kan truge bestanden, men sjansen for å bli teken er liten.

Her tek fiskeridirektoratet ulovlege hummarteiner. Foto: Heidi Lise Bakke. Redigering: Johan Moen

Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet må dekkje eit stort område langs heile kysten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hummaren er ettertrakta. Tjuvfiske av hummar er eit alvorleg og stort problem langs kysten vår. Kvart år blir det teke svært mange ulovlege hummarteinar.Tjuvfangsten kan truge bestanden, men sjansen for å bli teken er liten.

Fiskeridirektoratet sitt einaste våpen i kampen mot ulovleg hummarfiske er båten "Munin". Dei skal dekke eit enormt område. Kvar dag oppdagar dei likevel ulovleg hummarfiske langs kysten.

Jørgen Ree Wiig

Jørgen Ree Wiig set ut att hummaren som var fiska ulovleg

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

–Det er jo lave sjanser for å bli tatt da, for vi dekkjer jo områder frå Nordland til svenskegrensa. Men blir ein tatt, kan ein få bot på titals tusen kroner.

Det seier Jørgen Ree Wiig frå fiskeridirektoratet.

Så langt i år er 47 saker meldt til politiet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Berre i 2012 beslagla båten 403 redskapar og meldte 193 tilfelle til politiet.

Skal ein drive med lovleg hummarfiske er det mykje å passe på:

  • Kvar blåse skal vere merka med namn og adresse.
  • Det er ulovleg å ta opp hummar som er under 25 cm.
  • Alle hummarane som har rogn, må sleppast ut att.
  • Det er lovleg berre innanfor eit visst tidsrom.
  • Ein skal berre nytte teiner med ein viss storleik på opningen.
  • Det er særskilde reglar ved kjøp og sal.

Jonatan og Tor André Balevik

Sonen Jonatan og faren Tor André fekk lovleg fangst

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Far og son i Balestrand har sin fyrste tur på havet for å fiske hummar med teine. Det er nemleg høgsesong for fangst av hummar. Tor André er tilsett på leirskulen i Balestrand og har teke mykje hummar med ruse eller med garn. Berre i år har dei teke 70 stk. Men den hummaren blir sett ut att i havet.

Tor André har vore interessert i alt som rører seg i havet sidan han var liten. Mora nekta etterkvart å vaske buksene hans fordi dei var fulle av fiskeslo. Men han tykkjer at det ulovlege hummarfiske har gått for langt.

–Det er jo ingen problem å tømme fjorden, viss det står 43 teiner her i fjorden i Balestrand, så reknar eg med at nokon får hummar.

Denne dagen fekk dei to. Begge var over 25 cm og dermed lovlege. Den eine ville Jonatan sleppe ut att så andre fekk glede av den, og den andre ville han gje til bestefaren sin.

Så eksklusivt at ein ikkje åt den sjølv

Det er ei svært populær vare. Den smakar omtrent som reke, og kiloprisen er høg.

Jørgen Ree Wiig frå fiskeridirektoratet fortel til NRK at då han var ung, så fanga dei hummar for sal, men åt den ikkje sjølv. Det var den for kostbar til.

Han veit mykje om hummaren. Då vi var med, var det mellom anna ein hummar full av rogn i ei av dei ulovlege hummarteinene. Den er ikkje lov å fange når den er full av rogn. Så den måtte han plassere ut att på same staden som han fann teinene. Det dei fleste vart tatt for, var at teinene ikkje var skikkeleg merka.

Sjå video frå hummaren sitt liv her:

Sjå korleis hummaren går på botnen og inn i ei Teine.

Video: Her kan du sjå korleis hummaren ser ut når den går på botnen og korleis den går inn i ei teine. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Studer hummaren på nært hald

Video: Sjå hummaren på nært hald. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

24 timers undervanns-webkamera av en hummerteine, som ligger ved Havforskningsinstituttets stasjon i Flødvigen, Arendal.

Video: 24-timars hummerteine utanfor Arendal som er sett opp av Havforskningsinstituttet

.