NRK Meny
Normal

Nødseth skal ha sendt sjikane-sms til Belsvik

Stortingsvara Jacob Nødseth skal ha sendt sjikanerande og trugande sms-meldingar til Unge Høgre-leiar Embla Belsvik.

Nødseth, Belsvik

IKKJE PÅ TALEFOT: Jacob Nødseth og Embla Belsvik.

Foto: Simon Solheim/Sondre Dalaker / NRK

Nødseth skal mellom anna ha truga med å øydelegge den politiske karrieren til Embla Belsvik og også sendt upassande og sjikanerande meldingar.

Leiar i Flora Høgre Vidar Grønnevik varslar oppgjer og seier oppførselen til Nødseth er uakseptabel.

– Eg tykkjer det er veldig beklageleg at vi her ei slik sak, seier leiar i Flora Høgre, Vidar Grønnevik.

Skal ha send fleire e-postar

Det er ein alvorleg lokallagsleiar som no må rydde opp i Flora Høgre.

Jakob Nødseth er fyrste vara til Stortinget, lønna politisk rådgjevar for ordføraren og utvalsleiar i Flora bystyre.

No blir det avslørt at han skal ha sendt fleire trugande og sjikanerande tekstmeldingar og e-postar til Embla Belsvik, som også er i Flora bystyre og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Truga med å øydeleggje karrieren

Mellom anna skal Nødseth ha truga nittenåringen med at han kjapt kunne ta ein telefon til Erna Solberg og Jan Tore Sanner og øydeleggje den vidare politiske karrieren for ho i Høgre.

Vidar Grønnevik kan ikkje gå i detalj om innhaldet men varslar eit oppgjer med Nødseth.

– Embla Belsvik har opplevd at her har vore ein aktivitet som vi kan kalle negativ politisk aktivitet i forhold til henne som ikkje er akseptabel. Det er vi nøydde til å reagere på og ta eit oppgjer på. Vi vil ikkje ha det slik i partiet, seier Grønnevik.

Kan få disiplinære konsekvensar

– Kan dette få disiplinære konsekvensar for Nødseth?

– Det er iallfall ein diskusjon vi må sjå på. Men då må vi ha betre oversikt over det faktiske omfanget og innhaldet. Det har vi ikkje per i dag. Vi har forsøkt å løyse ei mellommenneskeleg konflikt og det føler vi at vi har klart å gjere, seier Grønnevik.

NRK kjenner til at sjikanen og trugsmåla er ein del av ei omfattande sms og e-postutveksling over noko tid.

– Det er den informasjonen vi har fått også som er grunnlaget for at vi har gjort dei tiltaka som vi har gjort, seier Grønnevik.

Tek ikkje stilling til jobb i Florø

– Men viss det er så alvorleg som ein kan få inntrykk av, kan ein då ha Nødseth som lønna og sentral politikar i Florø?

– Eg held til i Flora Høgre som parti. Eg har ingenting med rolla som arbeidsgjevar å gjere i forhold til hans virke der. Det vil ikkje eg uttale meg om. Det er det andre som må ta stilling til, seier Grønnevik.

Nødseth har vore sjukmeld den siste tida. For kort tid sidan stod 24-åringen fram i Firda og fortalde at stort arbeidspress var bakgrunnen for sjukmeldinga.

I går kom det pressemelding om at Nødseth ikkje lenger skal ha verv på fylkesplan, medan han held fram i lokalpolitikken. Bakgrunnen for dei grepa er at Nødseth og Belsvik skal sleppe å ha med kvarandre å gjere politisk.

Saka har pågått i fleire månader

Vidar Grønnevik som er nyvald leiar for Flora Høgre vart fyrst orientert om saka i februar, medan den tidlegare lokallagsleiaren Bengt Solheim Olsen, som no er ordførar i Flora, har kjent til saka truleg sidan desember.

– Jau då, det har vore jobba aktivt med den saka også tidlegare. Den løysinga som ligg føre no, var langt på veg funnen i den første perioden, seier Grønnevik.

Nødseth sin handlemåte vekkjer sterke reaksjonar. NRK har snakka med sentrale politikarar i Flora Høgre som ikkje kan forstå at Nødseth kan halde fram i dei ulike verva sine.

Grønnevik seier på si side at partiet no vil prøve å kome til botnen i denne saka.

– Styret har jamlege møte, og i vårt neste møte må vi starte arbeidet med det vidare arbeidet. Det første som må gjerast, er å få det fulle innsynet i omfanget og innhaldet av det vi snakkar om, seier Grønnevik.

Jakob Nødseth har ikkje ville la seg intervjue i saka, han seier i ein sms at han ikkje vil kommentera nokon ting som har med denne saka