Hopp til innhold

Høgreback usikker for Sogndal

Cato Hansen blir definitivt ikkje med Sogndal til Tromsø. Det blir truleg heller ikkje Mats Solheim.

Håvard Flo og Cato Hansen

UTE: Assistenttrenar Håvard Flo og Sogndal må klare seg utan arbeidsjarnet Cato Hansen i søndagens oppgjer mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Cato Hansen fekk eit kortvarig comeback etter eit lengre skadeavbrekk då Sogndal møtte Strømsgodset på søndag.

Etter 43 minuttar hinka Hansen av bana, og vart erstatta av Ulrik Flo. No ventar eit nytt skadeavbrekk.

– Han har moglegeins fått ein liten strekk på baksida av låret. Det er ikkje like alvorleg som sist, men det er ganske store sjansar for at vi må ta nye MR bilete i neste veke, stadfestar medisinsk koordinator, Kim Are Jacobsen.

Vist god framgang

Isak Scheel jublar med Mats Solheim etter kampen.

UVISS: Mats Solheim (t.v.) blir truleg ikkje med til Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hansen vil definitivt gå glipp av oppgjeret mot Tromsø kommande helg.

Han har denne veka ikkje delteke på speleøkter, og har trena alternativt.

– Det er viktig å roe ned baksida av låret så skaden ikkje blir større, men han har vist god framgang på behandlinga til no, seier Jacobsen som håpar at Hansen kan bli klar til Stabæk vitjar Fosshaugane 30. oktober.

Solheim truleg ute

Even Hovland

HEIME: Even Hovland sonar karantene i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Også høgreback Mats Solheim måtte hinke av bana i oppgjeret søndag. Han er høgst usikker framfor oppgjeret i ishavsbyen med krampe i lysken.

Det er uvisst om det også kan vere strekk.

– Det er ikkje teke noko endeleg avgjerd, men han er truleg ute. Vi tek ingen sjansar med Mats. Det kjem viktigare kampar etter Tromsø, seier Jacobsen.

Frå før er det også klart at Even Hovland ikkje blir med på turen nordover. Han må sone karantene for tre gule kort.