NRK Meny
Normal

Sjokk og vantru bak desse dørene: Høgre vil vurdere om teateret skal avviklast

Sjokk og vantru i teatermiljøet etter forslag frå Høgre. Partiet vil nemleg heller skjerme pengestøtta til det frivillige arbeidet i kulturen, enn å støtte ein institusjon.

Sogn og Fjordane teater
Foto: NRK / NRK

– Vi vil ha ein økonomisk og kunstnerisk gjennomgang av teateret for å sjå om det skal halde fram eller ikkje, seier Noralv Distad i Høgre.

Vil skjerme dei frivillige

Sogn og Fjordane teater vert i dag finansiert gjennom midlar frå staten på om lag 18 millionar kroner årleg.

For at desse pengane skal kome teateret til gode, må eigarane, fylkeskommunen og Førde kommune, gå inn med resten av driftssummen på 4,5 millionar kroner.

Men no må politikarane spare på kronene, og i hovudutval for kultur sitt møte denne veka kom forslaget frå Høgre. Dei meiner pengane til kultur i størst mogleg grad skal kome dei frivillige til gode.

Vil ha vurdering

Noralv Distad

VURDERER. Noralv Distad frå Høgre er oppteken av dei frivillige organisasjonane i kulturlivet i Sogn og Fjordane.

Foto: pressefoto

– Vi har valt å gå ut og seie dette i klartekst og sei at vi vil ha ei vurdering av dette. Og eg meiner at skal vi ta ei økonomisk og kunstnarisk gjennomgang om det skal halde fram eller ikkje. Det er viktig at vi så tidleg i prosessen får fram fakta knytt til enkeltinstitusjonar, seier han.

Høgre meiner formålet med kutta i kulturtilbodet må vere å skjerme mangfaldet, og at det dermed er naturleg å sjå på institusjonane som får støtte.

I forslaget skriv dei:

«Høgre vil lengst mogleg skjerme tilskot til lag og organisasjonar og vil difor ta til ordet for å kutte tiltak innan den kulturelle drifta i fylket Hovudutval for kultur vil be om at Sogn og Fjordane teater sin økonomiske og kunstnariske betydning for fylket vårt vert vurdert Med bakgrunn i dette vil utvalet sjå på / vurdere om Sogn og Fjordane teater skal avviklast. »

Sjokkert over forslaget

Teatersjef Terje Lyngstad er sjokkert over det han høyrer.

Terje Lyngstad

SJOKKERT: Teatersjef Terje Lyngstad er uroa over forslaget til Høgre og meiner det er farleg om slike forslag får grobotn i resten av det politiske miljøet.

Foto: Britt Kristin Ese

– Dei må gjerne gjere ei vurdering av alt dei vil i teateret. Den informasjonen ligg ute for alle til å sjå og lese. Men det som ligg i utsegnene er jo eit ønskje om å ta ned løyvingane frå fylkeskommunen si side og kanskje ta dei ned heilt. Det er kroken på døra for teateret. Og då er reaksjonen nesten sjokk og vantru, for då vil vi ikkje ha eit teater i Sogn og Fjordane.

Akkurat no har teateret turne med Edvard Hoem si «Kjærleikens ferjereise». Og dette vil det vere slutt på om løyvingane ikkje kjem, seier teatersjefen.

– Trist å vere einaste utan teater

Han meiner det vil vere trist om Sogn og Fjordane skal vere det einaste fylket utan eige teater, og seier rett ut at forslaget minner om kunnskapsløyse.

– Reint sånn overordna økonomisk manglar det litt kunnskap frå politikarane når dei er villege til å fjerne løyvingar som er ganske små, som igjen fører til at ein mister ganske store løyvingar frå staten. Det er ikkje så mykje å spare på dette.

Tidlegare har Framstegspartiet vore klare på at finansieringa av teateret må vurderast, men heller ikkje dei gav Høgre sitt forslag støtte.
Lars Svein Drabløs frå Framtegspartiet seier forslaget er forhasta.

Vil ikkje leggje ned

– Vi har aldri sagt at vi skal leggje ned Sogn og Fjordane teater. Men vi har sagt at vi skal reduserer det, og det kan hende det ender med det. Men vi vil sjå alle institusjonane under eitt, seier Drabløs.

Ved førre møte i hovudutval for kultur vart pengestøtta til alle kulturinstitusjonane diskutert, og Drabløs forstår ikkje kvifor Høgre no tek opp denne saka.

– Her er det eit forslag som berre trekkjer fram berre ein institusjon og det meiner eg vert feil.

Ikkje medhald frå medlemmene

Forslaget fekk ikkje medhald frå nokon av dei andre medlemmene i hovudutvalet for kultur, seier leiar Nils Gjerland frå Senterpartiet.

– Dette var forhasta å kome med no. Og vi har tenkt å ha så mykje pengar i Sogn og Fjordane at vi skal klare å ha eit teater.

Distad frå Høgre håpar dei andre partia verkeleg går konkret gjennom kva dei vil finansiere og ber dei tenkje seg om før dei kuttar der mangfaldet vert råka.

– Eg håpar dei andre partia er samde i at vi skal prøve å skjerme dei frivillige aktivitetane i kulturlivet.