Sverre Hoddevik er inne i den andre perioden på Stortinget, men har mellom anna fått kritikk for manglande evne til å kommunisere. På nominasjonsmøtet kjempa likevel tilhengarane hans hardt for å få han vald på nytt. Dei kom mellom anna frå Førde, Gloppen, Vik, Eid og heimkommunen Selje. Motstandarane vil like spreidde geografisk, og kom først og fremst frå Fjaler, Flora og Vågsøy.
Noralv Distad frå Aurland vart også føreslegen på førsteplass. Første prøverøysting gav Mathias Råheim frå Gaular 23 røyster, Sverre Hoddevik 18 røyster og Distad fem røyster. Dermed trekte Aurland-delegasjonen forslag på Distad, og det var klart for prøverøysting på dei to andre. Det viste seg at indresogningane gjekk over til Råheim-fløyen og han vann den prøverøystinga med 29 mot 17 røyster.
Kåre Solheim frå Fjaler var frampå med eit ønskje om at dei kunne samle seg om ein kandidat, og meinte det ville sett best ut utanfrå. Nils Per Sjåastad frå Selje ville derimot ikkje trekkje Hoddevik, og den endelege avrøystinga gav altså 30 røyster til Råheim og 16 til Hoddevik.