Høgre vil ha ordføraren i Hyllestad

Det er framleis uklart kven som får makta i Hyllestad. Sitjande ordførar Morten Askvik (biletet, Sp) vann valet. Men i kveld skal Høgre og Arbeidarpartiet i forhandlingar. Dei to har fleirtal og vil vippe Sp av trona om dei blir samde. Sitjande varaordførar Geir Helge Nordstrand (H) seier Høgre vil krevje ordføraren trass i at dei er mindre enn Ap.

Morten Askvik, ordførar Hyllestad
Foto: Sondre Dalaker / NRK