Hopp til innhold

Høgre vil ha Kystvegen no

Sogn og Fjordane Høgre har fått den sentrale Høgre-leiinga med på ei satsing som kan innebere snarleg gjennomføring av Kystvegen mellom Florø og Måløy.

Kystvegen

Høgre skal fremje ei sak for Stortinget om ei ekstraordinær løyving på 200 millionar kroner til vegprosjektet.

Erna Solberg
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

- Erna har sagt ja

- Både partileiar Erna Solberg og samferdsletalsmann Øyvind Halleråker har sagt ja til dette, og dei kjem til fylket om kort tid for å møte næringslivsfolk i regionen, seier leiar Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Høgre.

- Høgre viser vegen

- Her viser Høgre vegen, dette er ei kjempesak for heile Sogn og Fjordane, ikkje minst med tanke på dei planane som er rundt Elkem. Ei slik løyving kjem ikkje til å gå ut over andre samferdsleprosjekt, og eg reknar med at dei andre partia på Stortinget er med på notane, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel
Foto: NRK

Spleiselag

Næringslivet på kysten mellom Florø og Måløy har lagt fram ein plan for eit spleiselag som føreset at det offentlege yter 200 millionar kroner.

- Det er det utspelet vi no responderer på, seier fylkesleiaren i Høgre.

Fylkespartiet har denne helga hatt ein konferanse i Førde, og søndag var det samferdsle som var temaet. Leiinga i Sogn og Fjordane Høgre presenterte strategien sin for media søndag.

Frå venstre Jacob Nødseth, Bjørn Lødemel og Monica Finden i Sogn og Fjordane Høgre.
Foto: MMS-foto: Per Kristian Grimeland / NRK