Hopp til innhold

Høgre vil byggja i verna vassdrag

Høgre i Stryn vil byggja kraftverk i den verna Breheimen. Stryn er i likskap med mange andre vestlandskommunar underlagt strenge vernekrav, og det hindrar kommunen frå å få store inntekter.

.

Høgre vil ha vasskraft i verna område.

– Det er snakk om kraftinntekter, det er snakk om arbeidsplassar og det er snakk om aktivitet i ein del av kommunen som slit litt med både bedriftsetablering og fråflytting, seier Sven Flo (H), ordførar i Stryn.

I Hjelledalen, øvst i Stryn, vil Flo byggje kraftverk. Men å skaffe elektrisk straum frå eit vassdrag som ligg i den verna Breheimen er ikkje populært blant miljøvernarane.

Dei meiner planane til høgreordføraren bryt med heile intensjonen til vassdragsvernet, og at naturen kan bli ståande at som taparen.

– Visuelt vil det vise att og det vil påverke naturverdiane og dei dyre- og plantesamfunna som er avhengig av den vassmengda som naturleg renn i elva, seier Elisabeth Dahle, koordinator, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane.

Ordførar Sven Flo i Stryn

VIL HA MEIR VASSKRAFT: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På 1990-talet vann naturvernarane fram, og i dag er 77 prosent av Stryn underlagd vern. Som kompensasjon for tapte kraftinntekter har Stryn fått eit bresenter, men det synest ikkje ordføraren er nok.

Flo meiner ein burde sjå på det som ein moglegheit i staden for ei hindring med vasskraft i området.

– Me burde prøva å sjå på eit pilotprosjekt her i Stryn for å få bygd ut anlegg i verna vassdrag, seier han.

Men Dahle er heilt usamd.

– Vassdragsvernet er langt viktigare enn kommuneinntekter. Me treng å behalda nokre inntakte vassdragssystem, og me veit for lite om den samla belastninga om me ikkje klarer å avgrensa det litt.