NRK Meny
Normal

Høgre-toppar vil flytta Difi til Gjøvik

Arbeidarpartiet lurer på om Høgre-toppane veit at nær 100 av Difi-arbeidsplassane ikkje ligg i Oslo, men i Leikanger. No seier statsekretær at det er uaktelt å flytte frå Sogn.

Difi på Leikanger

UTFLYTTING?: Høgre vil flytte statlege arbeidsplassar ut i distrikta, og føreslår å flytte Difi på Leikanger til Gjøvik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Førre helg sa landsmøtet i Høgre ja til å flytta ut statlege arbeidsplassar frå Oslo til alle delar av landet.

– Høgre snur utflyttingspolitikken på hovudet når dei foreslår å flytta nær 100 arbeidsplassar frå Leikanger-avdelinga i Difi til Gjøvik, den mest folkerike kommunen på Innlandet, seier leiar i Leikanger Arbeidarparti, Jon Håkon Odd.

– Øydeleggjande for Leikanger

Utflyttingsvedtaket på Høgre-landsmøtet skjedde etter påtrykk frå ni fylkesleiarar i partiet. Til avisa Nationen har fire av dei sett opp ei ønskjeliste over kva statlege arbeidsplassar som bør flyttast ut. På denne lista står altså Difi, som fylkesleiarane meiner bør leggjast til Gjøvik.

Men dette er ikkje arbeidsplassar som berre ligg i hovudstaden. Den eine av dei to Difi-avdelingane er på Leikanger.

– Det seier seg sjølv at utflytting av nær 100 arbeidsplassar vil vera øydeleggjande for Leikanger-samfunnet. Det er ikkje arbeidsplassar som enkelt let seg erstatta, og kunnskapsmiljøet som er bygd opp over lang tid, vil bli utarma, seier Odd.

– Bør bli i Leikanger

Ein av dei fire fylkesleiarane som har bidrege til ønskjelista over utflyttingar, er leiaren i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen.

Mjømen strekar under at det ikkje er han som har foreslått å flytta Difi til Gjøvik.

Han likar dårleg at dei andre fylkesleiarane har skapt uvisse om direktoratet si Leikanger-avdeling, fordi dei ikkje har presisert at det er Oslo-kontoret dei vil flytta til mjøsbyen.

– Når det er eit godt fagmiljø på Difi i Sogn og Fjordane, så bør det få vera der, seier Mjømen.

– Har ikkje gjort heimeleksa

Mjømen vil snakka med dei andre fylkesleiarane som har foreslått ei Difi-utflytting.

Men det imponerer ikkje Odd.

– Hadde dei gjort heimleksa si, hadde dei skjønt at dette var arbeidsplassar som slett ikkje berre ligg i Oslo, men òg i Leikanger, i heimefylket til Mjømen.

Seier det er uaktuelt

Statssekretær Jardar Jensen i Kommunal og moderniseringsdepartementet seier det er uaktuelt å flytte statlege arbeidsplassar frå Leikanger til Gjøvik. Dei nær 100 tilsette i Sogn har ifølgje Jensen ingenting å frykte.

– Difi har også 166 tilsette i Oslo, og det var nok desse arbeidsplassane fylkesleiarane snakka om, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå