Hopp til innhold

Høgre stuper på ny måling

Høgre går kraftig tilbake på ei fersk meiningsmåling. Partiet fell 4,7 prosentpoeng på målinga som er utført blant veljarar i Sogn og Fjordane.

Bjørn Hollevik og Bjørn Lødemel.

BJØRNAR: Høgre går for både Bjørn Hollevik og Bjørn Lødemel på Stortinget. Siste meiningsmålinga tyder ikkje på at dei klarer det. Biletet er frå valvaka på Sunnfjord hotell for to år sidan.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Men stortingskandidat Bjørn Lødemel vil ikkje vere med på at høgrevinden har stilna.

– Vi ser at Høgre har stoppa litt sentralt, så kanskje er det som slår inn. Men vi ligg kjempehøgt. På 22 prosent så er vi jo høgt oppe, så vi jobbar vidare med vår målsetning som er to Bjørnar på tinget (Bjørn Lødemel og Bjørn Hollevik, red anm.), seier Lødemel.

Stort fall frå toppen

Men målinga kan ikkje vere hyggjeleg lesnad for stortingskandidaten frå Hornindal. På målinga Respons har gjort for NRK og Bergens Tidende blant veljarar i Sogn og Fjordane er det nemleg fallet for Høgre som merkar seg ut.

Partiet har vore i ein jamt fallande tendens sidan toppmålinga i oktober i fjor då over 32 prosent av dei spurde sa dei ville røyste Høgre. No seier 22 prosent av dei spurde at dei vil røyste Høgre.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Partibarometer for Sogn og Fjordane

Parti

Stortingsval 2009

Respons 16. okt. 2012

Respons 4. april 2013

Respons 14. august 2013

Respons 30. august 2013

Respons 4. sept. 2013

Rødt

0,9

0,5

0,8

0,5

1,3

0,7

SV

5,8

4,4

3,9

4,2

4,7

4,5

Ap

29,6

27,4

27,1

28,0

26,7

27,7

Sp

25,2

13,1

13,9

15,1

14,3

15,6

Venstre

3,3

5,4

6,7

6,4

6,7

9,2

KrF

6,8

6,9

8,6

7,6

7,9

7,8

Høgre

12,1

32,7

29,0

27,4

26,9

22,2

Frp

15,8

8,5

8,6

8,0

9,7

8,7

Andre

0,4

1,1

1,4

2,8

1,8

3,6

Lødemel trøystar seg med at nivået ligg langt over dei 12 prosentane partiet fekk ved førre stortingsval, då Lødemel sjølv fekk utjamningsmandatet.

– Vi føl planen til punkt og prikke. Planen er å jobbe hardare og hardare fram til 9. september, og den kjem vi til å følge heile høgrefamilien i Sogn og Fjordane, held Lødemel fram.

Venstre fram

Sveinung Rotevatn

VENSTRE: Sveinung Rotevatn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Venstre er partiet som har mest framgang på målinga. Med 9,2 prosent oppslutnad vil partiet bli det 4. største i fylket dersom resultatet held seg fram til valdagen.

Sveinung Rotevatn, som er Venstre sin stortingskandidat, trur veljarane ønsker ei blågrøn regjering og ikkje ei blåblå- regjering.

– De er ein betydeleg framgang frå sist stortingsval. Det er også ein del av ein nasjonal tennenes. Vi ser ein venstrevind som bles over landet, der vi har etablert oss som fjerde største partiet. No er vi der i Sogn og Fjordane også, seier Rotevatn.

– Eit retningsval

Senterpartiet og Arbeidarpartiet går litt fram på målinga. Men Senterpartiet ligg milevis unna valresultatet frå 2009, der 25,2 prosent av veljarane røysta på partiet.

Jenny Følling

Sp: Jenny Følling (i midten).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

2.-kandidat for Sp, Jenny Følling, trur likevel partiet vil mobilisere fram mot valdagen på måndag.

– Sp har tradisjon for å gjere betre val enn meiningsmålingar, og det håpar eg vil gjenta seg denne gongen også. Dette er eit retningsval, og Sogn og Fjordane er avhengige av ein sterk distriktspolitikk, meiner Følling.

Sterkt Sp og svakt Frp

Sogn og Fjordane skil seg frå resten av landet med eit relativt sterkare Senterparti og eit svakt Framstegspartiet. Den tendensen held seg også i den siste fylkesmålinga før valet, der Frp går tilbake eit prosentpoeng.

Dermed ligg Frank Willy Djuvik langt bak å få eit av dei faste mandata frå fylket, slik Åge Starheim har hatt dei siste fire åre.

– Det er veljarane på måndag som skal bestemme om Frp får eit mandat, anten eit fast eller eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane. Vi gir oss ikkje før vallokala stenger kokka åtte på måndag, seier Djuvik.