Hopp til innhold

Høgre-strid om kommunesamanslåingar

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, vil kutte ned frå dagens 26 til mellom fire og seks kommunar. Men han møter motstand frå sine eigne.

Arve Mjømen og Noralv Distad

IKKJE EINIGE: Fylkesleiar Mjømen vil kutte vekk rundt 20 kommunar, men ordførar i Aurland, Noralv Distad, vil framleis at hans kommune skal vere som han er.

Foto: Montasje / NRK

Høgre-toppar i fylket er usamde om kva kommunestruktur som vil vere den beste.

Den blå regjeringa har varsla storstilt kommunereform, og lokkar med økonomiske gulrøter til kommunar som slår seg saman.

Høgre sin fylkesleiar Arve Mjømen meiner tida er moden for å gå konkret til verks når det gjeld ny kommunestruktur. Han ønsker drastiske endringar på kartet.

Kva skal verte kommunesentera?

– Fire til fem, kanskje seks, kommunar. Noko meir kan eg ikkje tru at der vert. Nokre vil nok krysse fylkesgrensene mot nord eller sør. Det er eg ganske overtydd om.

Mjømen vil ha fortgang i prosessen og meiner kommunane må engasjere seg på ein positiv måte, ikkje berre strete imot alle former for samanslåingar.

Han har nokre tankar om kva som er aktuelle senter i dei nye storkommunane.

– Du har Sogndal i indre, og Førde midt i Sunnfjord. Du har også Florø som neppe vil sleppe sin status. Og så har du Stryn, Eid og Vågsøy. Eg skal ikkje gje meg ut på å kaste ball mellom dei.

Motbør frå partifellar i fylket

Men fleire profilerte Høgre-politikarar i fylket meiner Mjømen går for drastisk til verk.

Partifelle og ordførar i Aurland, Noralv Distad, er usamd med Mjømen, og meiner Aurland bør halde fram som eigen kommune.

– Utgangspunktet til Aurland har heile tida vore at me meiner me har eit sterkt grunnlag for å halde fram som eigen kommune.

– Men no seier din eigen fylkesleiar at de enten må gå til Sogndal eller til Voss-området: kva seier du til det?

Sven Flo

FRISKT: Ordførar i Stryn, Sven Flo, meiner det er for tidleg å teikne kartet. Først må oppgåvene fordelast mellom, meiner han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Nei, eg trur ikkje at valet er so enkelt.

Også Høgre-ordførar Sven Flo i Stryn meiner Mjømen er for rask på labben. Han meiner dei først må få ei oversikt over kva oppgåver staten vel å leggje til kommunane i samband med reform og eit endra kommunekart.

– Vi veit ikkje kva for oppgåver som vert flytta oppover og nedover. Då er det relativt friskt å byrje å teikne kartet per i dag. Eg er ikkje einig.

Ønsker forslaget om storkommunar velkomen

Høgre-ordførar Morten Hagen i Vågsøy er på si side på line med Mjømen.

Han ser for seg at Flora, Bremanger, Eid, Vågsøy, Selje og Vanylven på Sunnmøre går saman i ein storkommunane på kysten.

– Ein slik kystkommune ville vore ein sterk kommune, både når det gjeld næringslivet og folketalet.