Høgre-støtte til skipstunnelen
Eit samla Sogn og Fjordane Høgre gjentek sitt krav om at Stad skipstunnel må få oppstartspengar. Dei vil ha byggjestart allereie i 2019. Tunnelen vil bety meir miljøvenleg og tryggare transport av gods og passasjerar langs eit kritisk punkt ved kysten, heiter det i resolusjonen frå årsmøtet i Loen i helga.