Hopp til innhold

No har Bjørn all grunn til å smile, Høgre størst i ny fylkesmåling

Høgre er det største partiet i Sogn og Fjordane ei god veke før valet ein oppslutnad på 26,9 prosent. Det kjem fram i ei ny meiningsmåling som NRK presenterer i dag.

Bjørn Lødemel

GLISER GODT: Bjørn Lødemel trur Høgre no har sjansen til å ta to direktemandat. Med 26,9 prosent er dei det største partiet i Sogn og Fjordane på ny meiningsmåling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg må seie at eg har vore veldig spent på kva som skjer i desse siste målingane no fram mot valet, og det som skjer her med nær 27 prosent er berre heilt fantastisk, seier Bjørn Lødemel til NRK.no.

Målinga frå Respons Analyse vart utført for NRK og Bergens Tidende i perioden 23. – 29. august. I alt 601 personar i Sogn og Fjordane er spurt om kva dei vil røyste dersom det var stortingsval i morgon. Hadde dette vore valresultatet ville Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet fått kvart sitt mandat.

– Dette triggar ekstra

Men med ein oppslutnad på berre 14,3 prosent, er det nokre få hundre røyster som skil mellom at Liv Signe Navarsete får halde fram på Stortinget, eller at ho mistar plassen til Høgre sin andrekandidat Bjørn Hollevik frå Florø.

– Det er klart at dette triggar ekstra, for vi har ein klar målsetjing om to på tinget, og vi nærmar oss det målet, og det er fullt ut realistisk å få til. Eg føler at dette har blitt styrka etter denne målinga, meiner Høgre sin toppkandidat.

Meiningsmålinga syner mellom anna at 23 prosent av veljarane framleis på gjerdet. Tradisjonelt har det vore Senterpartiet og Arbeidarpartiet som har vore flinkast til å mobilisere i sluttfasen av valkampen for å sikre seg desse røystene.

Partibarometer august 2013 Sogn og Fjordane

Parti

Stortings-valget 2009

Respons 9. mars 2012

Respons 16. oktober 2012

Respons 4. april 2013

Respons 14. august 2013

Respons 30. august 2013

Rødt

0.9

0.6

0.5

0.8

0.5

1.3

SV

5.8

5.5

4.4

3.9

4.2

4.7

Ap

29.6

31.5

27.4

27.1

28

26.7

Sp

25.2

13.6

13.1

13.9

15.1

14.3

Venstre

3.3

9.9

5.4

6.7

6.4

6.7

KrF

6.8

7

6.9

8.6

7.6

7.9

Høyre

12.1

21.1

32.7

29

27.4

26.9

Frp

15.8

10.7

8.5

8.6

8

9.7

Andre

0.4

0.3

1.1

1.4

2.8

1,8*

– Vi pleier å vinne sluttspurtane

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er overtydd om at mange vil kome ned frå gjerdet og sørge for at Senterpartiet gjer eit betre val enn det målinga tyder på. 14 prosent av røystene i Sogn og Fjordane er ikkje godt nok for Senterpartiet her i fylket.

– Eg er sikker på at vi skal klare eit betre resultat enn denne målinga. Ingen skal ta Senterpartiet på kondisen og vi veit at vi pleier å vinne sluttspurtane. No skal heile organisasjonen bruke siste veka på å syne at det betyr noko kven som representerer fylket. Det betyr noko kva politikk ein fører og at det er mykje som står på spel for fylket vårt, seier Navarsete til NRK.no

Men også Høgre trur at dei vil klare å vinne mange av veljarane som enno ikkje har bestemt seg.

– Eg føler faktisk at vi har meir å gå på. Vi kjem til å jobbe som berre juling heilt fram til siste dagen. Våre lokallag er ute og jobbar og vi er klare til å slåst no siste veka. Denne målinga er veldig inspirerande, og eg gler meg no veldig til dei siste store debattane før valet, slår Bjørn Lødemel fast.

Trur han kjem på tinget

For dei andre partia i fylket er det mindre endringar. Men Venstre-topp Sveinung Rotevatn trur at dei med ei oppslutnad jamt kring sju prosent ligg best an i kampen om utjamningsmandatet.

– Eg kan ikkje vere trygg for at vi får eit utjamningsmandat, ingenting er avgjort før valet er ferdig. Eg ser i alle fall at åtte av ti målingar gjev oss dette mandatet, så vi er nok ein slags favoritt til å få det. Det betyr jo at ingen røyster her i fylket er bortkasta, og at venstrerøystene her i Sogn og Fjordane kan gje seg utslag i stortingsrepresentasjon, meiner Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

HAR TRUA: Venstretopp Sveinung Rotevatn meiner partiet hans har ein stor sjanse til å ta utjamningsmandatet her i fylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Open kamp om utjamningsmandat

Men også dei andre, mindre partia i Sogn og Fjordane trur at dei vil vere med i kampen om utjamningsmandatet her frå fylket. Blant dei toppkandidat for SV, Vibeke Johnsen, som har bada seg gjennom fjordane i fylket i kampen om veljarane sin gunst.

– Den kampen er open, og det blir veldig spennande heilt til siste røyst er telt opp. Eg meiner at eg har ein reell sjanse til å få utjamningsmandatet saman med fleire andre herifrå fylket. For oss er det no berre å stå på, og sikre eit så godt resultat som råd er for SV, seier Johnsen.

Høgre størst i Nordfjord

Men det er ingen tvil om at det er Høgre som uansett kjem best ut av denne meiningsmålinga, no ei god veke før stortingsvalet. Nordfjordingen Bjørn Lødemel gjer det også svært godt i sin eigen region, der Høgre er det desidert største partiet med 22 prosent. Dette trass sterk usemje om hans haldning i E39-debatten.

– Det er jo ingenting som gjev meir energi enn å få ei slik måling. Vi skal verkeleg stå på siste veka og eg gler meg veldig til dei debattane vi skal ha. Heile Høgre-familien i Sogn og Fjordane er klar til å gå i kamp og møte veljarar no siste veka. Det kjenner eg på veldig sterkt.