Hopp til innhold

Høgre sterkt fram i Askvoll

Høgre ser ut til å gjere eit svært bra val i Askvoll. Førebels har partiet nesten tredobla seg i forhold til førre kommuneval.

Frida Melvær

NY ORDFØRAR? Frida Melvær kan truleg smykke seg med ordførarkjedet i Askvoll dei neste fire åra.

Førebelse oppteljingar viser at Høgre er det største partiet i Askvoll. Med 29,9 prosent av stemmene kan partiet få dobbelt så mange representantar i kommunestyret som dei hadde i førre periode.

Dette er heilt overveldande, det er nesten så eg ikkje trur det eg ser, seier ordførarkandidat for Høgre, Frida Melvær.

Er klar for ordførarvervet

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet går tilbake i Askvoll, og Ap ser ut til å kunne misse ordføraren. Frida Melvær som i dag er varaordførar for Høgre kan no ta steget opp.

– No skal eg ikkje føregripe noko, for vi skal inn i forhandlingar, men eg er klar, seier Melvær til NRK.no like før klokka 22.

I dag har Høgre tre representantar i kommunestyret og no ligg dei an til å få seks. På Høgre si valvake på Askvoll sjøbuer får dette jubelen til å stå i taket.

Har vunne på eigedomsskatten

– Dette er langt betre enn det vi hadde håpa på. Vi hadde håpa på fire eller fem, så dette er berre kjekt, seier Onar S. Osland som er gruppeleiar for Høgre.

Melvær trur partiet har vunne mykje på å vere tydelege på at dei er i mot eigedomsskatt.

– Vi har sagt heilt klart at dette vil vi ikkje ha noko av i kommunen, medan fleire av dei andre partia har vore mindre tydelege på kva dei vil, seier Melvær.