Hopp til innhold

Høgre-kritikken mot media får lite støtte hos samarbeidspartia

Høgre sine påstandar om at media i Sogn og Fjordane har politisk slagside møter lite forståing hos fylkesleiarane i regjeringa sine samarbeidsparti. – Dette må ein tole, seier partileiarane i Frp, Venstre og KrF.

Frank W. Djuvik, Gunhild Berge Stang og Trude Brosvik
Foto: NRK

– Dette får stå får Mjømen si eiga rekning. Vi har ikkje tru på at media i Sogn og Fjordane har noko underliggande mot verken Høgre eller Framstegspartiet, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp til NRK.no.

Høgre: – Blir hakka på

Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre har fått laga eit eige medierekneskap med oversikt over omtalen som er blitt Sogn og Fjordane Høgre til del. Konklusjonen til Høgre er at media i fjordfylket har ei raudgrøn slagside, og at Høgre i langt større grad blir utsett for kritikk.

Ikkje minst meiner Mjømen at stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Hornindal har blitt ein hakkekylling for journalistane.

Arve Mjømen

REFSAR MEDIA: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre meiner partiet får ufortent mykje pes frå redaksjonane i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Høgre blir urettferdig behandla i pressa, og Bjørn Lødemel blir regelrett hakka på, sa fylkesleiar Arve Mjømen til NRK måndag morgon.

Kritikken for fylkesleiaren i regjeringspartiet har fått Firda-redaktør Yngve Årdal og Fjordabladet-redaktør Tormod Flatebø til å reagere.

– At Høgre skal prøve å redigere pressa i Sogn og Fjordane eller andre plassar er heilt meiningslaust, det er rett og slett tåpeleg, sa Flatebø til NRK.

Frp-Djuvik: – Journalistar skal ha meiningar

Djuvik i Frp meiner regjeringspartnar Høgre ikkje blir urettferdig framstilt.

Tormod Flatebø

REAGERER: Redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet stiller seg uforståande til kritikken frå Sogn og Fjordane Høgre.

– Nei, det blir dei jo sjølvsagt ikkje. Det vil ville jo seie at Framstegspartiet òg hadde blitt urettferdig framstilt. Det er klart vi kan vere usamde i kva saker journalistar vel og måten dei vinklar dei på, men å gjere opp slike politiske rekneskap ser vi ikkje noko grunn til.

– Vårt utgangspunkt er at vi tek det opp i dei enkelte sakene der vi meiner ting har blitt feil framstilt, og er vi ferdige med det, seier Djuvik.

Frp-fylkesleiaren meiner ein ikkje kan vente seg ei fullstendig objektiv presse.

– Alle journalistar, alle redaksjonar har sine saker som dei er opptekne av. Dei kan vere samde eller usamde med politiske parti, og då vil vi i mange samanhengar oppleve at journalistar er usamde med politikarane. Det meiner eg vi som politikarar må tole. Eg meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene for journalistar er nett opp å ha meiningar, og sørge for at det blir meiningsbryting og ein open debatt som utfordrar politikarane. Eg meiner det er ein styrke, og ikkje ein negativ ting.

«Eg følgjer godt med i media og eg kan ikkje seie at Lødemel får noko hardare medfart enn verken meg, Jenny Følling (Sp) eller andre.»

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar (Frp)

Meiner Lødemel ikkje har det verre enn andre

Sjølv opplever Djuvik at Frp ofte får tyn i media. Men han ser ikkje noko negativt i det.

– Eg har sagt det fleire gonger. Desto meir journalistar og media vel å vinkle saker negativt om Framstegspartiet, desto meir kjem vi til. Media i Sogn og Fjordane er ikkje nødvendigvis objektive, men dei slepp oss til med vårt syn i sakene som dei vel å fokusere på. Det meiner eg er det vi kan krevje, og ikkje noko meir.

At Høgres Bjørn Lødemel skal ha blitt ein hakkekylling for redaksjonane i Sogn og Fjordane, har Djuvik lite forståing for.

– Eg følgjer godt med i media og eg kan ikkje seie at Lødemel får noko hardare medfart enn verken meg, Jenny Følling (Sp) eller andre. Så det meiner eg ikkje er heilt riktig framstilt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Frank Willy Djuvik

KJENNER SEG IKKJE ATT: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp er overraska over mediekritikken frå Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Forsvarer Firda-kommentator

I sin kritikk trekkjer fylkesleiar Arve Mjømen særleg fram politisk journalist i Firda, Helge Johnsen, som eit eksempel på ein journalist med særleg horn i sida til Høgre. Partiet har gått gjennom 83 av kommentarartiklane Johnsen har skrive, og funne at han heller klart mot raudgrøn side.

Journalisten sjølv kommenterer oppteljinga slik:

– Det minner meg veldig av lyden av nokon som opplever blir trakka på veldig vonde tær, sa Helge Johnsen til NRK måndag morgon.

Ein annan som ofte har falle for Johnsen sin penn, er Djuvik.

Helge Johnsen

FÅR STØTTE: Firda-kommentator Helge Johnsen blir av Høgre skulda for å ha politisk slagside. – Han tar det som blir sagt og gjort på kornet, seier Trude Brosvik i KrF.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Helge Johnsen har eg hatt mange feidar med og vore usamd med mange gonger. Johnsen har sin fulle rett til å skrive sin kommentar om det han måtte ønskje. Det er hans jobb som journalist. Han skal gjere seg opp ei meining og kommentere og skape debatt. Viss Mjømen og Høgre er usamde med det, så må dei ta tak i kvart enkelt tilfelle.

– Det er heilt openbert at Frp og Helge Johnsen ikkje er einige politisk, men eg har respekt for Helge Johnsen og hans meiningar, på same måte som eg veit at han har respekt for våre meiningar når vi imøtegår hans. Det er sånn ein må gjere det, meiner Djuvik.

– Blir den borgarlege regjeringa behandla annleis av media i fylket enn den raudgrøne vart?

– Både ja og nei. Ein ser kanskje større trykk og meir negativ ladde ytringar mot Framstegspartiet- og Høgre-regjeringa, men det er ikkje media som gjer det, det er politiske motstandarar som går ut i media og angrip regjeringa. Det var ikkje vi like flinke til i førre periode. Det er ikkje journalistane og redaktørane som gjer at vi får ei slagside. Vi må berre bli flinkare til å imøtegå kritikken, ikkje klage på at media slepp dei til. Det er trass alt slik demokratiet skal vere. Dei kritiske røystene, særleg mot dei som sit i regjering og har makt, skal sleppe til, seier fylkesleiaren i Frp.

Han legg til:

– Vi føler oss ikkje urettferdig behandla av media. Kor vidt Høgre føler det sånn, må nesten vere deira eiga oppfatning.

«Realiteten er jo at Bjørn Lødemel viser veldig lite att, og han viser lite att som ein aktiv forkjempar for Sogn og Fjordane.»

Trude Brosvik, fylkesleiar (KrF)

KrF: – Lødemel viser lite att

Heller ikkje fylkesleiaren i Høgre-regjeringa sitt samarbeidsparti KrF, Trude Brosvik, kjenner seg at i Høgre sin kritikk mot media.

– Eg gjer nok ikkje det. Dei sakene som media i Sogn og Fjordane er opptekne av, er mykje av typen som går på distrikt og strukturar og den typen saker. Der synest eg også at dei som sit på Stortinget må tole å bli stilt til ansvar for det som partiet deira gjer, og kva dei sjølv – ut frå det vi i alle fall kan sjå – gjer i desse sakene, seier Brosvik til NRK.no.

KrF-toppen er ikkje direkte overraska over at Mjømen og Høgre føler seg motarbeidd, men legg mykje av ansvaret kviler på partiet sjølv.

– Eg kan på ein måte skjønne at Høgre opplever det slik, men realiteten er jo at Bjørn Lødemel viser veldig lite att, og han viser lite att som ein aktiv forkjempar for Sogn og Fjordane som eit distriktsfylke.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trude Brosvik

SOM FORTENT? Høgres Bjørn Lødemel har ikkje vist seg som ein aktiv forkjempar for Sogn og Fjordane, meiner Trude Brosvik (KrF)

Foto: Randi Indrebø / NRK

...men føler seg litt sett i bås

Brosvik veit ikkje om ho merkar så mykje forskjell på måten dei raudgrøne og dei blå blir framstilt på i media, men redaksjonane har likevel litt å gå på, meiner fylkesleiaren i KrF.

– Det eg ofte skulle ønske, var at lokalmedia også var opptekne av ein del verdirelaterte saker som ikkje berre gjekk på distrikt. For KrF kan det vere vanskeleg å få fram ein del saker fordi dei har ein litt annan dimensjon enn berre distriktspolitikk og strukturgrep. Eg opplever at vi av og til blir sett litt i bås. Vil du ha ein uttale om rus, ringer du til KrF. Vil du ha om distrikt, ringer du til Senterpartiet, og vil du ha om skatt, ringer du til Høgre. Men bortsett frå det, kan eg ikkje seie at eg opplever oss ulikt behandla, seier Brosvik.

Den harde kritikken Høgre rettar mot Firda-kommentator Helge Johnsen deler Brosvik ikkje.

– Eg synest han har vore flink til å ta det som blir sagt og gjort på kornet. Så eg gjer ikkje det.

– Kva synest du om at Høgre har laga eit eige medierekneskap?

– Viss dei synest at dette gagnar deira politikk, så må dei berre gjere det.

– Er det noko KrF har planar om å gjere?

– Nei, det har vi ikkje planar om, ler Brosvik.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gunhild Berge Stang

– MÅ TOLE KRITISK LYS: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang ber Høgre sjå på kva dei sjølv eventuelt gjer feil.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

«Dei får nok litt tyn, men om det er ufortent eller ikkje, er jo eit anna spørsmål.»

Gunhild Berge Stang, fylkesleiar (V)

Venstre rår Høgre til å gå i seg sjølve

Planar om eit eige medierekneskap har heller ikkje i Høgre- og Frp-regjeringa sitt andre samarbeidsparti, Venstre.

– I Venstre har vi opplevd media i Sogn og Fjordane som balansert i høve til spørsmål om makt og regjering, men eg kan ikkje uttale meg om kor vidt det stemmer for Høgre sitt vedkommande, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Ho meiner politikarar som føler seg urettvis behandla i media også må gå i seg sjølv.

– Vi skal vere bevisste på kva rolla vår er i media. Ein tommelfingerregel kan vere å tenke «Kva er det eg gjer feil?», viss ein kjem i ein situasjon der ein får slagside.

– Får Høgre ufortent for mykje tyn i media?

– Dei får nok litt tyn, men om det er ufortent eller ikkje, er jo eit anna spørsmål. Det gjer alle i posisjon. Det er ein del av det å vere i posisjon. Eg trur det er lurt å erkjenne det, at slik er det å vere i posisjon og at ein må leve med det.

– Eg trur kanskje at viss eg hadde følt meg urettferdig behandla av media, så ville eg prøve å finne ut kva eg gjer feil, snarare enn å ytre meg om at eg føler meg urettferdig behandla. Mi erfaring er at det ikkje alltid fører så mykje med seg. Ein skal tole ein god del. Ein er med på å ta avgjerder som ein må kunne stå for. Alle avgjerder har ei negativ slagside for nokon. Då må ein tole at det blir sett lys på, seier Gunhild Berge Stang.

Twittermelding frå Alfred Bjørlo

TWITRAR: Venstre sin profilerte Eid-ordførar, Alfred Bjørlo, reagerer slik på Høgre-utspelet.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Lødemel: – Ein er seg sjølv nærast

Sjølv vel stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre å ikkje legge for mykje vekt på synspunkta frå korkje redaktørar eller fylkesleiarane i samarbeidspartia.

– Ein er seg sjølv nærast i alle saker. No kjem kritikken mot media, og då ser vi at dei også reagerer når dei får kritikk. Eg trur ikkje vi skal ta dette for noko meir enn det er. Det er synspunkt frå vår fylkesleiar i høve til at han meiner det er ein del som er urettvis. Så får ein vere samd eller usamd i det. Eg føler det også er ein del aviser der vi kjem lett på og får på gode saker, så det er sjølvsagt nyansar, seier Lødemel til NRK.no.

Han vedgår at han stundom tek seg nær av det som blir sagt og skrive.

– Eg skal innrømme at det til tider er ganske tøft. Men eg har sjølv valt å vere i ein slik posisjon som gjer at eg må tole å få både ros og kritikk. Det toler eg. Det er ikkje noko problem.

– Deler du kritikken Mjømen har gitt uttrykk for på NRK?

– Eg tykkjer han viser til ei interessant sak i høve til Firda der kommentarane som har vore frå ein journalist er ganske einsidige når ein tel opp. Viss vår fylkesleiar meiner at vi blir urettferdig behandla, så må han ha lov til å seie det. Så får folk vere samde eller usamde i den kritikken.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bjørn Lødemel

HAKKEKYLLING? Bjørn Lødemel (biletet) får ufortent mykje tyn i media, han blir hakka på, meiner partifelle og fylkesleiar Arve Mjømen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vi i Høgre toler kritikk. Men vi må kunne få seie ifrå viss ein føler ting er urettferdig

Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant (H)

– Til tider einsidig dekning

– Helge Johnsen i Firda har mellom anna skulda deg for å ikkje ha klare meiningar. Har du vore klar nok i media?

– Ja, eg meiner eg er klar på dei tinga eg har meiningar om. Eg er meg sjølv i alle saker og prøver å vere ærleg både overfor media og meg sjølv. Eg kan stå for det eg har sagt og gjort. Eg kjempar for Sogn og Fjordane kvar einaste dag.

– Meiner du at de er urettferdig behandla?

– Til tider har det vore veldig einsidig, særleg i høve til det som går på nytt inntektssystem for fylkeskommunen. Når vi ser fem år fram i tid, så vil eg tru at mange ting kjem bra ut når vi kan sjå oss attende.

– Er det ting rundt mediehandteringa de sjølv kunne endra på?

– Det er klart at vi kan alltid bli betre. Og kanskje kan media også bli betre. Det å komme på med dei gode sakene er vår jobb å gjere. Det som kanskje har vore eit problem er at dei gode sakene har drukna i dei dårlege. Når vi ikkje kjem i mål med det, må vi også sjå på korleis vi gjer det sjølv.

– Det har vore mykje snakk om ytringsfridom den siste veka. Du fryktar ikkje at Mjømen sitt utspel skal slå feil ut for partiet?

– Eit fritt ord og ytringsfridom er noko som alle verdset, og vi i Høgre toler kritikk. Men vi må kunne få seie ifrå viss ein føler ting er urettferdig. Det er ikkje noko meir hokuspokus enn det, seier Bjørn Lødemel.