Hopp til innhold

Høgre slår ring om lokalsjukehusa

Høgre i Sogn og Fjordane slår ring om fødetilbodet i Eid og Lærdal.

Nordfjord Sjukehus

VIL BEHALDE: Sogn og Fjordane Høgre vil behalde fødeavdelinga i Eid og fødestova i Lærdal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Partiet har fått kritikk både frå dei raudgrøne og Frp for at dei så langt ikkje har ville meine noko konkret om sjukehusnedleggingane i Helse Førde.

Ny vurdering i 2020

No har eit arbeidsutval lagt fram sitt framlegg til kva Sogn og Fjordane Høgre skal meine. Her vil partiet ikkje berre halde på og vidareutvikle eit sterkt sentralsjukehus i Førde.

Dei vil også vidareføre tilpassa akuttfunksjonar ved begge lokalsjukehusa i Nordfjord og Sognd. Vidare vil dei halde på fødeavdelinga i Eid, og fødestova - vel og merke utan gynekolog - i Lærdal.

- Vi viser til at dagens tilbod ved Lærdal sjukehus, forsterka fødestove, ikkje er gjeldande som driftseining i framtidig fødetilbod, og vil difor ha fødestove. Når det gjeld Nordfjord sjukehus vil Sogn og Fjordane Høgre oppretthalde dagens fødeavdeling, men at ein innan 2020 vurderer situasjonen på nytt utifrå fødselstal og tilgang på fagleg personell, skriv utvalet.

Vil avvikle føretaka

Samstundes vil partiet avskaffe den regionale helseføretaksmodellen.

Dei skildrar føretaka som eit unødvendig og byråkratisk mellomledd og meiner det hindrar levering av likeverdige tenester med trygt innhald og kvalitet.

- Vi ønskjer desentralisering av makt til lokale helseføretak – kombinert med eit overordna statleg forvaltningsorgan som gjerne kan styre helsetilbodet med felles innkjøp, anbod av varer og tenester, skriv utvalet.

Høgre har fylkesårsmøte i midten av mars.