Hopp til innhold

Høgre skuffa over haldingane til folk når det gjeld kommunesamanslåing

– Veljarane er bakstreverske og gamaldagse når dei er så sterkt imot kommunesamanslåing, seier Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora, som sjølv har ivra sterkt for kommunesamanslåing.

Bengt Solheim-Olsen (H)
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Veljarane i kystbyen svarte med å gje Høgre ein nedgang på nær 15 prosentpoeng. Også på fylkesplan gjekk Høgre klart tilbake.

– Det tykkjer eg er synd, og det er å ha ei bakstreversk og gamaldags haldning til framtida, seier Solheim-Olsen.

Klar tilbakegang

Med ein framgang på 7,5 prosentpoeng og ei samla oppslutning på 33 prosent er Senterpartiet det klart største partiet i fylket. Samtidig går Høgre og Framstegspartiet, parti som er positive til kommunesamanslåing, klart tilbake.

– Eg angrar ikkje på at eg argumenterte for kommunesamanslåing i valkampen. Dette handlar ikkje om ynskje kommunesamanslåing, dette handlar om å ta realitetane inn over seg og ta signala frå regjeringa på alvor, seier Solheim-Olsen.

Merkeleg utspel

Fylkesleiar i Senterpartiet, Karen Marie Hjelmeseter, har følgjande kommentar til at Solheim-Olsen karakteriserer veljarane hennar som bakstreverske og gamaldagse.

Karen Marie Hjelmeseter

MERKELEG UTSPEL: Karen Marie Hjelmeseter er fylkesleiar i Senterpartiet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg tykkjer det er merkeleg at han kjem med eit slikt utspel, men det får han sjølv stå for. Når det gjeld kommunesamanslåing så må ein faktisk stikke fingeren i jorda, for avstandane her i fylket blir ikkje mindre fordi om ein slår saman kommunane, seier Hjelmeseter.

Med ein framgang på 7,5 prosentpoeng og ei samla oppslutning på 33 prosent er Senterpartiet det klart største partiet i fylket. Samtidig går Høgre og Framstegspartiet, parti som er positive til kommunesamanslåing, klart tilbake.

Sp-ordførar Ivar Kvalen i Luster, som har stått på barrikadane mot kommunesamanslåing, kunne innkassere formidable 53,8 prosent, ein auke på nærare 25 prosentpoeng.

– Det er historisk. Vi har aldri vore i nærleiken av eit slikt resultat. Det er ikkje nokon løyndom at lustringane er nøgde med det tenestetilbodet vi har. Eg trur at valresultatet syner at mange er skeptiske og fryktar at ei kommunesamanslåing skal føre til sentralisering, seier Kvalen.

Kommunereforma lagt død

Høgre-ordførar Bent Solheim-Olsen i Flora har sjølv vore den fremste talspersonen for ein storkommune i Sunnfjord. Veljarane svarte på si side med å gje Høgre ein nedgang på nær 15 prosentpoeng i kystbyen. Solheim-Olsen er lite imponert over veljarane.

– Når du ser valresultata rundt om i Sogn og Fjordane så er kommunereforma meir eller mindre lagt stein død over alt, seier Solheim-Olsen

I utakt med folkemeininga

Den kraftige framgangen til Senterpartiet i valet gjer at spørsmålet om kommunesamanslåingar i fylket langt på veg er parkert.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete seier Solheim-Olsen er i sterk utakt med folkemeininga.

Liv Signe Navarsete

STERKT SIGNAL: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Dersom vi ser på Høgre der ordføraren i Florø har talt for strukturendringar, medan ordføraren i Aurland har gjort det motsette, så ser vi at Høgre har greidd seg betre i Aurland enn i Flora, seier Navarsete.

Men Senterpartiet er ikkje åleine, også politikarar frå andre parti er i stor grad skeptiske til samanslåing.

– Dette må vere eit klart signal til kommunalminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg og Høgre i regjering, seier Navarsete.

Men i Flora er Bengt Solheim-Olsen framleis tilhengar av kommunereforma.

– Folketalsutviklinga syner at vi ikkje er der vi skal vere samanlikna med andre regionar, seier Solheim-Olsen.