Hopp til innhold

Høgre sikrar fleirtal – no går det mot handelspark i Førde

Lagnaden til den omstridde handelsparken blir avgjort i bystyret om ei veke, men allereie no ser den ut til å få fleirtal.

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

POSITIVE POLITIKARAR: Ei veke før avgjerda fell stiller eit stort fleirtal i Førde bystyre seg positive til Coop Vest sine utbyggingsplanar utanfor Førde sentrum.

Foto: Asplan Viak, skisse

I går bestemte Høgre at også dei vil seie ja til Coop Vest sine utbyggingsplanar på Brulandsvellene utanfor Førde sentrum. Dermed ligg det an til at 20 av 27 representantar i bystyret vil stille seg positive når vedtaket skal fattast.

Olve Grotle

POSITIV: Ordførar i Førde, Olve Grotle (H), trur det går mot ja i bystyret om ei veke.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Frå kommunen si side trur eg vi kan seie at det går mot at vi vedtek denne planen. Så står det att å sjå om utbygginga skjer, den er det som kjent ikkje kommunen som skal gjennomføre, seier ordførar i Førde Olve Grotle (H).

Ønskjer avgrensa utbygging

Handelsparken vil med sine 70.000 kvadratmeter bli ein av dei største i Sogn og Fjordane.

KrF er eitt av fleire parti i bystyret som stiller seg positive til planane.

– KrF ønskjer ei avgrensa utbygging som legg til rette for auka handel og aktivitet i Førde, seier Bjørn-Harald Haugsvær (KrF).

Terje Gjertsen

VANSKELEG SAK: Terje Gjertsen (Ap) seier det har vore ei vanskeleg sak for partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det nest største partiet i Førde, Arbeidarpartiet, gjekk tysdag inn for utbygging av storhandelsparken. Gruppeleiar Terje Gjertsen sa i går at det har vore vanskeleg sak, men at Førde trenger meir handel i framtida.

– Førde er i stor grad bygt på handel og vi må sikre at vi beheld posisjonen vår der.

– Treng strategi for sentrum

Handelsparken er omstridd og planane har blitt diskutert heftig i fleire år.
Forkjemparane meiner den vil skape vekst, medan motstandarane fryktar at handelsparken vil sparke bein under butikkane i sentrum.

Både Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil seie nei. Gruppeleiar i Senterpartiet, Iris Loftheim, meiner politikarane burde prioritert å bevare matjord.

– Vi meiner at vi må ha på plass ein klar strategi for sentrum, før vi tek i bruk Brulandsvellene til handel, seier ho.

I dag skal planutvalet handsame saka. Arealplanen vil bli endeleg vedtatt i bystyret den 28. mai.