Hopp til innhold

Høgre sikra fleirtal for folkerøysting i Vågsøy

Det blir folkerøysting om Kinn kommune i Vågsøy, det sikra Høgre eit fleirtal for torsdag kveld. I nabokommunen Flora er Høgre forundra over partikameratane sine.

Bjørn Hollevik

KRITISK: Bjørn Hollevik i Flora Høgre stussar over kor seint ein skal halde folkerøysting i Vågsøy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Eg vart forundra over dette. Det kjem veldig seint å ha ei folkerøysting no. No må vi få ei avklaring på om vi skal gå i lag eller ikkje, seier Bjørn Hollevik i Flora Høgre.

At Vågsøy og Flora kommune skal slå seg saman til Kinn kommune har begge kommunestyre bestemt, og Stortinget har også gjort sitt endeleg vedtak i saka. No blir det likevel opna for ei omkamp. Kommunestyret i Vågsøy vedtok torsdag kveld at det skal haldast ei folkerøysting innan utgangen av juni.

Høgre har trua på Kinn, men vi har også trua på folket i Vågsøy. Vi trur at folket kjem til å røyste ja til kommunesamanslåinga, sa gruppeleiar i Vågsøy Høgre, Morten Hagen, frå talarstolen under kommunestyremøtet torsdag.

Om folkerøystinga skulle ende på eit «nei» til samanslåing, meiner Bjørn Hollevik at det må takast på alvor.

– Då må vi ta det til etterretning, men det blir ein kamp å skulle snu dette. Det er jo ei frivillig samanslåing, det var ikkje noko tvangsvedtak Stortinget gjorde.

Nye Kinn kommune

– Vi har eit ansvar som politikarar

Bjørn Hollevik er ikkje motstandar av folkerøystingar, men han er kritisk til at ein skal halde ei så seint i prosessen.

– Vi politikarar har eit ansvar som arbeidsgjevar for ganske mange menneske, då burde.

Hollevik er klar på at ei folkerøysting må kome så fort som råd er.

– No blir det prata om slutten av juni, men det er for seint. Det er ufatteleg mykje som skal gjerast før denne samanslåinga er klar, og vi må få ei avklaring no.