Hopp til innhold

Høgre-Nødseth fekk flest stryk

Høgreveljarane i fylket endra mest på vallistene ved Stortingsvalet i år.

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth (H) fekk prosentvis flest stryk av alle politikarane på listene til haustens stortingsval.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Og størst prosentvis stryk fekk andrekandidat Jacob Nødseth. I alt 225 personar sette strek over namnet hans. Det er nær 3,2 prosent av dei som stemde på Høgre.

- Det tykkjer eg er svært godt å leve med, seier høgrepolitikaren frå Flora.

- Vågar å meine

Til samanlikning hadde kring 260 personar stroke Ingrid Heggø og Tor Bremer på Ap-lista. Det blir berre 1,5 prosent av veljarane til partiet. Liv Signe Navarsete hadde berrre 59 strykningar. Senterpartiveljarane var dei som brukte retteblyanten minst.

- Vi har politikarar som ikkje vågar å seie noko, mellom anna av frykt for å bli strokne. Eg er ein politikar som, slik eg sjølv vurderer det, vågar å meine noko og står for det eg seier, legg Nødseth til.

Få nytta retten

Veljarane har høve til å stryke namn på stortingslistene, og dei kan flytte personar opp og ned på lista. I alt var det her i fylket 5 422 veljarar som gjorde det ved årets stortingsval. Det er ifølgje Knut Henning Grepstad, sekretær for fylkesval-styret, eit veldig lite tal.

- Eg meiner at det ikkje er mogleg å sjå noko politisk tendens, eller eigentleg noko konsekvensar i det heile, av dette, seier han.

Over halva må stryke

Høgreveljarane var dei "mest aktive" til å nytte denne retten med 13,5 prosent. Kring 11 prosent av venstreveljarane og Frp-veljarane retta på lista, menda åtte-ni prosent av veljarane frå SV, KrF og Ap nytta blyanten. Berre vel seks prosent av senterpartiveljarane fann grunn til å endre på lista.

Berre for å nemne det, halva av dei som stemmer på eit parti, må stryke eller endre ein kandidat om det skal ha noko betydning.