Hopp til innhold

Meiner Bjørn Lødemel blir hakka på av media

Høgre i Sogn og Fjordane tar generaloppgjer med det dei meiner er ei urettferdig presse.


Arve Mjømen

HAKKEKYLLING: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre meiner partiet blir urettferdig behandla i pressa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Høgre blir urettferdig behandla i pressa, og Bjørn Lødemel blir regelrett hakka på, seier fylkesleiar Arve Mjømen.

– Kritikk skal ikkje berre vere for trykke ned folk, men den skal vere sakleg. Viss den politiske kampen skal gå på å trykke kvarandre ned, så er det eit problem, seier Mjømen.

– Blir dårleg behandla

Mjømen tek no eit generaloppgjer med media. Han meiner partiet og tillitsvalde får urettmessig mykje kritikk.

Fylkesleiaren i Høgre meiner fleire redaksjonar i Sogn og Fjordane behandlar partiet på ein til tider dårleg måte.

Sidan Høgre kom i regjering har stridssakene stått i kø, og partiet og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har fått mykje kritikk for å ikkje stå på barrikadane for fylket i viktige saker.

Mjømen meiner hakking på Lødemel er eit døme på pressa si slagside.

– Eg tenkjer at mykje av det køyret han har fått frå enkelte redaksjonar. Så eg synest det er mykje utilbørleg at slike ting har blitt vist i avisa. Og med gjenteken hakking så synest ikkje eg det er noko særleg. Vi treng kvar einaste som jobbar for Sogn og Fjordane.

Mjømen seier det har vore aktuelt å kalle inn pressa i fylket til eit møte, og seier at enkelte medium ikkje er tilstrekkeleg nøytrale.

– Måten er gjerne slik at vi føler at saker ikkje vert følgde opp og at det er litt einsidig journalistikk i det. Og eg føler også at enkelte journalistar viser tydeleg farge.

Forstår ikkje kritikken

Men blant pressefolk i fylket blir kritikken møtt med hovudrysting.

I redaksjonslokala til Fjordabladet i Eid reagerer redaktør Tormod Flatebø sterkt på det uvanlege utspelet frå eit politisk parti.

Tormod Flatebø viser fram den nye nettsida til Fjordabladet

– MEININGSLAUST: Redaktør i Fjordabladet, Tormod Flatebø, forstår ikkje kritikken frå Høgre.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– At Høgre skal prøve å redigere pressa i Sogn og Fjordane eller andre plassar er heilt meiningslaust, det er rett og slett tåpeleg.

Flatebø ser at det har storma kring Høgre og Bjørn Lødemel det siste året, men meiner partiet skapar ekstra problem for seg sjølve fordi Lødemel er utydeleg i ei rekkje politiske saker.

– Må gje klare svar

– Han lagar ris til eigen bak ved å ikkje gje klare svar. Eg kan gje eit døme. I samband med valkampen prøvde eg å intervjue han om Høgre sin landbrukspolitikk. Vi sat ganske lenge og prata. Kvar gong eg spurde Lødemel om noko svara han «vi har nokon i Høgre som jobbar med det, så det blir sikkert bra». Då gir ein litt opp, seier Flatebø.

Også dei største redaksjonane i fylket får kritikk av Høgre.

NRK blir skulda for å ikkje tilstrekkeleg balansere kritiske saker som utviklar seg over tid, og avisa Firda opptrer ikkje politisk nøytralt, meiner Mjømen.

– Eg føler at når eg les øvst på avisa at det er ei upolitisk avis, så føler eg ikkje at det stemmer, seier Mjømen.

Men kritikken blir tilbakevist av redaktør i Firda, Yngve Årdal.

Yngve Årdal

UPOLITISK AVIS: Redaktør i Firda, Ynge Årdal, tilbakeviser kritikken frå Mjømen.

Foto: Bård Siem / NRK

– I Firda tar vi opp saker som folk er opptekne av. Så har det vore mange saker der innbyggjarane i Sogn og Fjordane føler vi kjem uheldig ut. Då er det dei som er regjeringsparti som må svare for dei tinga og då meiner eg vi har gjort jobben vi skal gjere.

– Feil adresse for kritikken

I Firda får særleg politisk kommentator Helge Johnsen kritikk. Høgre i fylket har nyleg gått gjennom 83 av dei siste kommentarane skrive av Johnsen, og kategorisert dei etter graden av kritikk mot ulike parti.

– Og funne ei betydeleg slagside som meir eller mindre går utover Senterpartiet og Høgre i fleire saker.

Men Firda-kommentator Helge Johnsen, som mellom anna har kalla Lødemel for teflonpolitikar, meiner Høgre bommar totalt med utspelet sitt.

Helge Johnsen

NEGATIV SLAGSIDE: Kommentator og journalist i Firda, Helge Johnsen, får kritikk frå Høgre for å skrive for mange negative kommentarar om partiet.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det minner meg veldig av lyden av nokon som opplever blir trakka på veldig vonde tær. Viss så er at dei kommentarane eg har skrive bommar, så får dei gå laus på dei i staden for å gå laus på kor mange kommentarar dei opplever seg som negative eller ikkje. Det måtte jo vere verdas enklaste jobb å plukke i filler det eg har skrive viss det er fullstendig feil.

– Er det tenkjeleg at det her ligg ein strategi og eit mål at ein skal få kritiske redaktørar, journalistar og kommentatorar til å sløve pennen litt?

– Det veit eg ikkje. I så fall har dei komme til feil adresse. Men eg veit heller ikkje om det er så veldig lurt. Det står fram som litt stakkarsleg. Har ein politikk så får ein heller stå opp og fortelje i klartekst kva politikken går ut på. Det synest eg Høgre har vore veldig lite flinke til.

Men Arve Mjømen seier dei ikkje er hårsåre når dei no kritiserer pressa.

– Eg meiner eg er ganske rettferdig og nøytral når eg gjer mine betraktningar om dette. Eg meiner ikkje å vere hårsår når eg seier dette. Men det skal vere informasjon som er balansert i forhold til det folk i Sogn og Fjordane har behov for å vite.