NRK Meny
Normal

Høgre legg lokk på konfliktsaka

Konflikten mellom leiar i unge Høgre Amanda Solvåg og fylkessekretær i partiet, Ingvar Torsvik Myrvollen, blir unnateke offentlegheita.

Arve Mjømen Ingvar Torsvik Myrvollen

TA VARE PÅ: Arve Mjømen (t.v.) seier Høgre skal ta godt vare på både fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen (i midten) og ungdomsleiar Amanda Solvåg. – Det har dei krav på, både som arbeidstakarar og tilsett, og som politikarar, seier Mjømen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det vedtok styret i Sogn og Fjordane Høgre torsdag kveld.

– Fylkesstyret vedtok at saka skal unntakast offentlegheita sidan det er to enkeltpersonar inne i biletet, seier fylkesleiar Arve Mjømen.

Kjenner seg motarbeidd

Det var i førre veke at NRK kunne fortelje at fylkesleiaren i Unge Høgre, Amanda Solvåg, kjenner seg motarbeidd og trakassert av fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen .

Amanda Solvåg

KONFLIKT: Ungdomsleiar Amanda Solvåg under møtet i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Han gjer alt han kan for å gjera jobben min vanskeleg. Han utøver hersketeknikkar der han kan. Og han viser lite velvilje til å samarbeida med oss i Unge Høgre, fortalde Solvåg.

Anna oppfatning

Før torsdagens styremøte ynskte ikkje Myrvollen å kommentere saka meir enn han har gjort.

Tidlegare har han sagt at han har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men seier at han har orsaka eit par uttaler i eit møte med Solvåg.

– Den tillitsvalde og eg vart deretter samde om å legge påstandane bak oss og saman sjå korleis vi best kunne jobbe saman i framtida. I respekt for dette ønskjer eg ikkje å kommentere saka ytterlegare, skreiv han i ein e-post til NRK.

Trur på løysing

Etter møtet torsdag kveld seier Mjømen at det er ei kjedeleg sak. Det er førebels ikkje sagt noko om eventuelle følgjer for Myrvollen som fylkessekretær. Fylkesstyret vil ikkje konkludere med om dette er mobbing eller ikkje.

– Vi overlet til arbeidsutvalet å jobbe vidare med saka.

Han ynskjer heller ikkje å kommentere om det vil vekkje meir mistanke og uro at konflikten no blir unnateke offentlegheita. Ei heller om han fryktar konflikten kan gjere det ungdomsrekrutteringa vanskelegare.

– Arbeidsutvalet skal jobbe for å finne gode interne løysingar, og eg har stort håp om at det skal gå bra. Vi har kome inn i eit godt spor for å handtere saka vidare i vårt organ, seier Mjømen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser