Hopp til innhold

Høgre krev svar i Årdal

Høgre vil ha klårt svar frå miljøvernministeren om Hydro kan få halde fram med Søderberg-omnane i Årdal også etter 2007.

Statens forureiningstilsyn er villege til å vurdere tidspunktet for stenging av omnane på nytt. No ber Høgre Miljøvernministeren flagge sitt syn.

Hydro har ikkje bedt om forlenga levetid for omnane, men Årdal legg press på Hydro.

Årdal ønskjer meir tid til å skaffe nytt arbeid til 135 arbeidarar som misser jobben i Søderberghallen.

 

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK