Hopp til innhold

Høgre kan få Rotevatn sin stortingsplass

Sveinung Rotevatn kan miste plassen på Stortinget, medan Høgre får to mandat, viser NRK sitt nye partibarometer. Politikarane trur mykje skal til for at det endar slik.

Sveinung Rotevatn (V)

TVILAR: Sveinung Rotevatn trur mykje skal til for at Høgre skal få både utjamningsmandat og fast mandat etter neste stortingsval.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– At Høgre kan få både utjamningsmandat og fast mandat tykkjer eg høyrest veldig spesielt ut. Det er lite sannsynleg at det blir resultatet på valdagen, seier Sveinung Rotevatn, som sit på Stortinget for Venstre.

I ei meiningsmåling utført av Sentio for NRK kan du sjå korleis partia ligg an i oppslutning i dag i høve til stortingsvalet i 2013. Målinga er gjort i perioden mellom 26. september og 3. oktober. Eit representativt utval på 1000 personar er spurde.

Etter desse berekningane kan Venstre miste utjamningsmandatet sitt til Høgre etter stortingsvalet til neste år.

Mandatberekning

Parti

Mandat

Arbeidarpartiet

1

Senterpartiet

1

Høgre

2

Venstre

Mistar 1

Berekningane er gjort av Sentio på bestilling frå NRK. Mandata er fordelte i høve til oppslutning i fylket, medan utjamningsmandatet også tek omsyn til nasjonale tal. Målinga er gjort i perioden frå 26. september til 3. oktober. Eit representativt utval på 1000 personar er spurde.

Rotevatn trur han sit trygt

– Utjamningsmandat blir rekna ut på oppslutning i ditt fylke og andre fylke. Kvar gong Venstre har vore over sperregrensa dei siste åra, er det vi som har fått det. Så eg trur vi vil få det denne gongen også, seier Sveinung Rotevatn.

Han er ikkje bekymra for å bli gåande ledig om det likevel skulle bli som tala seier.

– Det å sitte på Stortinget er eit privilegium. Om veljarane ikkje vil ha meg der skal eg alltids bruke kreftene og utdanninga mi i anna jobb. Men min plan A er å representere Sogn og Fjordane på Stortinget også i neste periode, seier han.

– Som å vinne i lotto

Fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik, har ikkje utjamningsmandat med i sitt reknestykke. Utjamningsmandatet er ein usikker post, meiner han.

– Vi har hovudfokus på å behalde mandatet vi har. Vi kan vere så heldige at vi vinn i lotto og får utjamningsmandatet, og då vil vi ta det imot med opne armar. Men vi torer ikkje satse på at det skjer, seier Grønnevik.

Vidar Grønnevik

SPELAR IKKJE LOTTO: Fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik, meiner kven som får utjamningsmandatet er som å spele lotto. Høgre fokuserer på å behalde sitt eine mandat, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ein representant kvar på Stortinget i dag. Begge partia seier dei vil prøve å få to til neste år.

– Vi har ein ambisjon om å vere det største partiet i Sogn og Fjordane, og kjempe for å få dei to øvste plassane på lista inn på Stortinget, slår fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, fast.

Fylkesleiar i Senterpartiet, Sigurd Reknes, tenker i same baner.

– At vi går fram i målinga gir motivasjon til å stå på mot valet til neste år. Det er viktig for oss å behalde det mandatet vi har. Men vi er også frimodige og har ein ambisjon om å få to representantar inn på tinget, seier Reksnes.

I Sogn og Fjordane er det til saman fire mandat. Dersom reknestykket skal gå opp, kan ikkje alle få det som dei vil.

– Vi går for å få vårt mandat, og det er ikkje plass til begge deler. Så vi får tru det blir ein god og jamn kamp, avsluttar Vidar Grønnevik i Høgre.

Partibarometer oktober 2016

Valg i 2013

Oktober 2016

Differanse

Ap

28,1

30,0

1,9

FrP

10,8

11,2

0,4

H

19,0

17,4

-1,6

KrF

8,1

7,2

-0,9

RV

0,6

0,8

0,2

SP

20,6

21,1

0,5

SV

3,4

3,3

-0,1

V

6,3

5,6

-0,7

PP

0,0

0,0

0,0

Kristne

0,8

0,8

0,0

MDG

1,7

1,6

-0,1

Andre

0,5

0,7

0,2

Ekspander/minimer faktaboks

Sogn og Fjordane har fire mandat på stortinget. Blant dei er det eitt utjamningsmandat. Det skal gå til eit parti som er underrepresentert i høve til det samla røystetalet ved stortingsvalet.