Hopp til innhold

Høgre går for ordførarklubbene

- Fire varaordførarar og to ordførarar er ikkje nok. Vi bør opp i tosifra, seier fylkesleiar, og stortingspolitikar, Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

Fylkesleiar Bjørn Lødemel og Høgre jaktar fleire ordførarklubber i fylket.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Etter haustens gode stortingsval , ser Høgre to år fram i tid til neste kommuneval. For då skal partiet ha eigne folk i fleire av ordførarstolane i fylket.

- Vi skal ha mykje fleire ordførar, vi skal vere i posisjon i fleire kommunar. Eg meiner også at vi bør ha ambisjon om også kjempe om posisjonar i fylkestinget, stadfestar fylkesleiar Bjørn Lødemel.

- Blir meir synleg

I helga hadde partiet haustkonferanse i Loen, og fylkesleiar Bjørn Lødemel seier det ikkje berre var feiring av det gode stortingsvalet som var tema. Men valresultatet er springbrett for vidare satsing. Han trur Høgre har mykje å vinne på fleire ordførarstolar.

- Det er ein fin måte både å jobbe aktivt med politikk på. Ein blir meir synleg i mediebilete og elles. Difor trur eg det er viktig å satse på den posisjonen. Då vil ein både få fram politikken og personane, og vil vere med på å påverke utviklinga som skal vere i fylke eller kommune, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Enkeltpersonar

Valkommentator i NRK Sogn og Fjordane, Knut Henning Grepstad, meiner det er klokt av partiet å satse på kommunevalet. Om dei skal nå målet må partiet bruka tida på å byggje opp rundt både enkeltpersonar og partiapparat seier Grepstad

- Det vi veit, er at det som er avgjerdane for røyster ved kommunevalet, i hovudsak er personar og i nokon grad sakene. Då er det viktig å finne dei rette og gode kandidatane og byggje dei opp og ha dei med i det politiske arbeidet, seier han.