Hopp til innhold

Høgfjellsvegar oftare stengde

Vikafjellet stengt i 1148 timar i vinter.

Vikafjellet stengt.

Dette blir vanlegare i framtida, fryktar forskarane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vêret blir bare verre. I framtida må vi vurdere tunnelar fleire stader, seier regionvegsjef Olav Ellevset.

Meir stengt enn vanleg

Sterk vind og snøfall skapar oftare enn før vanskar på høgfjellsvegane. Antall timar der det har vore kolonnekøyring eller midlertidig stengde vegar, har auka i vinter. Det skriv Bergens Tidende. 

- Vi har hatt mykje dårleg vêr og sterk vind. Uvanleg skiftande vindretningar har ført til store skred i sjeldne løp, seier regionvegsjefen til NRK Sogn og Fjordane.

Vikafjellet verst

Ifølgje Bergens Tidende har Vikafjellet vore stengt i 1148 timar i vinter. Reknar ein det om, vert det 49 heile dagar.

Tyin-Årdal ligg óg høgt på lista, med 831 timar, eller 34, 5 dagar.

Større skredfare

Vind og snø fører ofte til skredfare på desse vegane, særleg har det råka Tyin-Årdal og Vikafjellet.

Klimaforskarane seier at prognosane syner at vi vil få meir nedbør i åra som kjem. Ellevset fryktar at det vil auke problema på høgfjellsvegane:

 - Indikasjonane er no så klare, at vi må ta høgde for at det på sikt kan bli verre.

-Ikkje dårleg beredskap

Ellevset avviser at den store auken i stengde vegar, óg kan skyldast dårleg beredskap.

- Nei, vi har satt inn ekstra kapasitet på fjellovergangane. Det har rett og slett vore for dårleg vêr til at ein kan opphalde seg der.

Ellevset seier at dei no førebur ein gjennomgang av alle høgfjellsvegane for å sjå kva som kan gjerast på kort og lang sikt:

- Noko kan gjerast når det gjeld salting, strøing og brøyting. På lang sikt må vi vurdere tunnellar på eindel strekningar. Det er heilt klart at Vestlandet no har så store tap og problem når det gjeld høgfjellsvegane, at slik kan vi ikkje ha det i framtida, seier Ellevset.

Mest stengt i vinter (tal frå Bergens Tidende):

  • Rv 50 Hol – Aurland 422 timar (17, 5 dagar)
  • Rv7 Hardangervidda 218 timar
  • E 134 Haukeli 111 timar
  • Rv 52 Hemsedal 113 timar
  • E16 Filefjell 94 timar
  • Rv 53 Tyin-Årdal 831 timar (34,5 dager)
  • Rv 13 Vikafjellet 1148t (49 dager)