NRK Meny
Normal

Rekordhøge prisar på tømmer

STARDALEN (NRK): Rekordhøge tømmerprisar gjer at hogstaktiviteten i landet går opp.

Sunnfjord skog fell tre i Stardalen i Jølster
Foto: Bård Siem / NRK

Dagleg leiar i Sunnfjord skogsdrift, Martin Braanaas Kleppe

Martin Braanas Kleppe, dagleg leiar i Sunnfjord Skog

Foto: Bård Siem / NRK

Eitt etter eitt vert nesten tretti meter høge grantre felt av hogstmaskina i Stardalen i Jølster. Trea er nærare åtti år gamle og kan vege fleire tonn. Dagleg leiar i Sunnfjord Skog, Martin Braanas Kleppe, legg ikkje skjul på at det er ein krevjande jobb, men mykje kraft i maskina og sjåførar med god teknikk får det til å gå unna.

– Vi kan klare 18–30 kubikk i timen, heilt avhengig av terrenget og storleiken på trea.

Ein kubikkmeter svarar til eit svært stort tre, ifølgje Norsk Skogeigarforbund.

Har ikkje sett liknande på ti år

Frå desember 2016 til desember 2017 steig prisane på sagtømmer av gran med 12,7 prosent. Etter jamn prisoppgang heile fjoråret og eit ekstra byks på nyåret i 2018 kunne skogeigarar få over 500 kroner per kubikkmeter for sagtømmer av gran.

Ikkje sidan 2008 har prisane vore så høge.

Ventar større etterspurnad

Administrerande direktør i Norsk Skogeigarforbund, Erik Lahnstein, trur etterspurnaden etter tømmer vil auke.

– Globale trendar som aukande folkesetnad og velstand gjer behovet for energi og råstoff større. Saman med utfasing av det fossile gir det eit kjempesug i marknaden etter fornybart råstoff som tømmer.

Industrien treng tømmer for å lage mellom anna papir, emballasje, kjemikaliar og celluloseprodukt

Mellom 30 og 40 prosent vert eksportert ut av landet.

Dagleg leiar i Sunnfjord skogsdrift, Martin Braanaas Kleppe, inspiserer tømmer i Stardalen

LØNSAMT: Høge prisar på tømmer gjer at det no løner seg meir enn nokon gong å dra til skogs. I Stardalen skal Martin Braanas Kleppe hogge 450 kubikkmeter før neste flytt.

Foto: Bård Siem / NRK

Vanskeleg tilgjengeleg skog kan krevje ny skogsbilveg og bruk av vinsj, og gje høge transportkostnadar. Då kan det bli lite pengar att, sjølv med høge prisar.

– Særleg på vestlandet kan kostnaden bli så stor at mange trass høge prisar ikkje vil hogge tømmer som er hogstmoden. Det er eit problem. Vi går glipp av ein ressurs som kan skape verdiskaping i industrien, seier Lahnstein i skogeigarforbundet.

Effektive maskiner

Skogbruksleiar Torgrim Østgård i Vestskog rår skogeigarar til å ta kontakt med skogeigarlaget viss dei ønsker råd i samband med ein eventuell hogst.

– Det er mange skogeigarar og små skogeigedomar på vestlandet, og ikkje alle har gjort ein hogst før. Meir og meir av grana som er planta blir hogstmoden, og areal med tre klare til å bli tømmer veks for kvart år som går, seier han.

Skogbruksleiar i Vestskog Torgrim Østgård

GODE RÅD: Skogbruksleiar Torgrim Østgård i Vestskog har gode råd til dei som vil hogge

Foto: Bård Siem / NRK

Hogstmaskindrifter og taubanedrifter med entreprenørar tek ut mest tømmer. Det skal mykje til å konkurrere med maskina.

– Mange skogeigarar med motorsag misser motet når dei ser kor fort maskina jobbar, men det er likevel nokre som årleg tek ut 30–40 kubikkmeter. Det krydrar litt det, seier Østgård

Les også: Tømmerkrise gir industrien problem

Vegopning på Bergum i Førde kommune