Hopp til innhold

Vil ha ned prisen på laksen

Skyhøge lakseprisar skapar uro i marknaden. Også lakseoppdrettarar, som tener gode pengar, meiner prisane må ned.

Skyhøge lakseprisar skapar utfordringar.

– Akkurat her og no er eg veldig glad, men kundane våre slit og har problem. Dagens prisar er ikkje bra i det lange perspektivet. Det er ikkje bra for marknaden at prisane går frå 40 til 50 kroner på kort tid, seier Per Vidar Ottesen i lakseeksportøren Norwell i Florø.


Sidan oktober har lakseprisen stige frå 30 kroner kiloen til 50 kroner kiloen no rett før jul. Ottesen er uroa, og fryktar prisane kan øydelegge marknaden.

– Våre kundar tapar pengar, dei treng meir stabilitet for dei planlegg i eit perspektiv på tre til seks månadar. No må dei betale for å selje fisken sin, og det er ikkje bra, seier Ottesen.

Han får støtte av Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk. Ho både sel og kjøper laks, og dermed er prisane både ei glede og ei utfordring for selskapet.

– Å vere lakseoppdrettar og selje laks no er veldig kjekt, men å vere foredlar som vi er med Svanøy Røykeri, det er tøft, seier Sveen.

Ho trur dei fleste i næringa ser at dagens situasjon ikkje er bra på sikt.

– Foredlarar slit med å tene pengar, og det ville vere gunstig om prisen var lågare.

Laks er ettertrakta

ETTERTRAKTA VARE: Aldri før har oppkjøparar måtte betalt så mykje for laksen. Før jul er kiloprisen 50 kroner.

Ynskjer å produsere meir, men får ikkje lov

Sveen seier noko av årsaka til dei høge prisane er at det er for lite laks i marknaden, og meiner styresmaktene bør opne opp for større lakseproduksjon.

– Det bør vi kome raskt i gang med. Det er stor etterspurnad etter laks, så vi burde få lov til å produsere meir.

Ottesen er glad for at produsentane ha meir fisk inn på marknaden.

– Det er bra at produsentane vil ha meir fisk, for det treng vi. Noreg har eit ansvar for å fø verda med fisk, og då kan prisen også jamne seg meir ut. Med ein pris på mellom 35 og 40 kroner får vi eit nivå som marknadane i verda vil vere nøgde med, og som skapar stabilitet, det vil vere det beste for alle, seier Ottesen.

Rekordår for laks

Til no i år er det eksportert laks for vel 31 milliardar kroner, viser tal frå Norsk sjømatråd, og mengda laks som blir eksportert er rekordstor.

Ottesen trur også at dårleg vêr, mindre oppfisking av laks, valutakursar og ein svekka kronekurs er bakgrunn for dei skyhøge prisane. Den eventyrlege prisen, som gjer at 2013 er det beste lakseåret gjennom tidene, gjer også at han må bruke meir tid på å følgje opp sine kundar.

– Det handlar mykje om betalingstryggleik og få inn pengar.

Både Ottesen og Sveen trur prisane vil dale etter jul, slik dei vanlegvis gjer.

– Om prisane vedvarer, så vil vi miste kundar. Spesielt innan supermarknadar. Blir det for dyrt så byter dei ut laks med andre ting. Maksprisen er passert for lenge sidan, og det er ikkje rom for 50 kroner kiloen på kvardagsmarknaden, seier Ottesen.