Hopp til innhold

Arkitektar i distriktet fortvilar: – Vi klarer ikkje å kvalifisere oss

FØRDE (NRK): Mindre arkitektkontor blir ikkje vurdert som konkurransedyktige i kampen om større offentlege bygg. Det hindrar rekruttering av nyutdanna arkitektar til distrikta.

Nordplan Førde

SAMARBEID: Grete Marøy Sellevoll og Liv Jorunn Seljevoll ved Nordplan sitt avdelingskontor i Førde må samarbeide med andre arkitektkontor for å få dei største oppdraga.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Eg diggar å jobbe i distriktet. Det er heilt konge. Du får tidleg stort ansvar og det er ei bratt læringskurve, seier Torkjel Bruland Lavoll, som er leiar i Sogn og Fjordane Arkitektlag.

Tidsskriftet Arkitektnytt frå Norske Arkitekters Landsforbund har sett på den problematiske konkurransesituasjonen for mindre arkitektkontor i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er det også ei utfordring å hevde seg i konkurransen om større prosjekt.

Torkjel Bruland Lavoll

DIGGAR DISTRIKTET: Torkjel Bruland Lavoll er leiar i Sogn og Fjordane Arkitektlag og oppfordrar arkitektar til å jobbe i distriktet.

Foto: Erling Olav Storegjerde / Møre

– Vi kjenner oss att i situasjonen i Møre og Romsdal. Likevel opplever vi at kommunane ynskjer lokale aktørar, seier Bruland Lavoll, som er arkitekt i Nordplan på Eid.

Han oppfordrar arkitektar til å jobbe på mindre stader.

– Det er uheldig for oss i distrikta at mange nyutdanna vel byar. Halvparten av arkitektane på landsbasis jobbar i Oslo.

Flytta heim til Florø

Vestlandsk byggeskikk og kystarkitektur lokka florøværingen Marielle Nordnes heimatt etter utdanninga. 28-åringen studerte på Bergen Arkitekthøgskule og var ferdig i 2017.

– Eg ville vekk frå byen, seier den unge arkitekten. Fleire av hennar tidlegare medstudentar jobbar i store byar. Mange blei verande i Bergen.

Korleis kan ein gjere distrikta meir attraktive for nyutdanna arkitektar?

– Ein må vere litt frampå og følgje med i tida for å rekruttere unge, seier Nordnes.

28-åringen meiner kommunane må senke krava dersom dei vil få fleire nyutdanna arkitektar til Sogn og Fjordane.

– Det er heilt avgjerande for det lokale næringslivet, fastslår ho.

Nordnes meiner samarbeid kan vere nøkkelen til større oppdrag. Ho jobbar hos iVest Consult i Florø, som samarbeider med Aaland arkitektkontor i Stryn.

– Små kontor som ikkje kjem på bana er ein stor svakheit. Dei kan vere like ressurssterke som store arkitektkontor. Nordnes er tydeleg på at problemet ligg i krava til konkurransane.

Marielle Nordnes

ARKITEKT I FLORØ: Marielle Nordnes jobbar hos iVest Consult i Florø. Kystkulturen lokka den unge arkitekten heim til Florø etter utdanninga.

Foto: PRIVAT

– Det verste eg veit er førehandsfastsette konkurransar. Kvifor skal ein invitere om det allereie er bestemt kven som får jobben? Det er frustrerande, seier Nordnes.

Ifølge 28-åringen må du ha ein solid portefølje for å vere konkurransedyktig som arkitekt.

– Kvifor skal ikkje unge tilflyttande arkitektar få vise kva dei kan? spør ho.

– Ikkje konkurransedyktige aleine

Nordplan er eit mellomstort arkitektfirma med avdelingskontor i Førde, Eid, Vågå og Ålesund. Avdelingsleiar i Førde, Grete Marøy Sellevoll og kollega Liv Jorunn Seljevoll forstår frustrasjonen over dei høge krava som blir stilt arkitektkontora.

– Vi er ikkje konkurransedyktige i store, offentlege prosjekt, seier Seljevoll og får støtte frå kollegaen.

– Ofte bestiller kommunane eit forprosjekt der vi teiknar skisseforslaget. Det er kjekt å få lov til å forme bygget og ha ein idé om sluttresultat, seier Marøy Sellevoll.

Ho synest det er kjedeleg at ein må konkurrere på nytt for å vere med i neste fase.

– Vi konkurrerer med arkitektkontor som har 100-200 arkitektar. Då har vi ikkje ein sjanse, meiner avdelingsleiaren.

Nordplan vann ein stor nasjonal plan- og designkonkurranse og fekk lov til å vere med å teikne Førde Rådhus.

– Då samarbeida vi med andre for å kvalifisere oss. Vi er for små aleine, vedgår avdelingsleiaren. Ho legg til at Nordplan kan setje saman større team i konkurransar.

Førde Rådhus - Teikning

FØRDE RÅDHUS: Illustrasjonar frå plan- og designkonkurransen. Nordplan og Mestres Wåge Arquitectes var ansvarlege arkitektfirma.

Foto: Nordplan og Mestres Wåge Arquitectes

– Når det skal byggast nye skular er det få av dei mindre kontora som klarer å kvalifisere seg. Du skal ha teikna fleire skular dei siste fem åra. Krava bør senkast, meiner Seljevoll.

Ho held fram:

– Det er berre dei som støvsuger marknaden for ein type sjanger av bygg som klarer det. Seljevoll fortel at det ofte er i dei største byane dei spesialiserer seg.

– Vi har teikna tilbygg og ombygging av skular. Vi er meir enn godt nok kvalifisert til nybygg også, hevdar Seljevoll.

Bygge- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund meiner det er naturleg at mindre arkitektkontor må samarbeide med andre når det gjeld store skular.

– Dei fleste av våre prosjekt er teikna av lokale arkitektar, men det er konkurransen som avgjer, seier Rosenlund.

Vidare fortel han at eit arkitektfirma med færre tilsette ofte stiller svakare i dei største prosjekta.

– Eg forstår problemet. Dette har vore ei kjend problemstilling over fleire år, fortel Rosenlund.

– Alvorleg at små kontor blir utkonkurrert

Gisle Løkken er president i Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) og har sjølv lang erfaring som arkitekt. Han forstår at arkitektar er fortvila over konkurransesituasjonen.

I artikkelen til Arkitektnytt lovar du å ta grep på vegne av arkitektar over heile landet. På kva for ein måte?

– Dette er eit langsiktig arbeid. Vi må påverke politikk på alle nivå, frå kommune til stat, til å bli meir bevisste på behov ved innkjøp og konkurransar.

Gisle Løkken

LOVAR ENDRINGAR: Gisle Løkken er president i Norske Arkitekters Landsforbund. Han vil ha betre innkjøparar i kommunane.

Foto: Erik Burås / STUDIO B13

Korleis skal ein gjere mindre arkitektkontor meir konkurransedyktige?

– Dette er ei stor utfordring og ein tendens i tida. Store kontor med mangfaldige porteføljar utkonkurrerer små kontor nesten uansett oppgåva si størrelse og plassering, seier Løkken.

Når det gjeld offentlege innkjøp skuldast det eit regelverk som er utforma slik at berre dei store klarer å dokumentere at dei er kvalifisert, ifølge NAL-presidenten.

– Det er sjølvsagt alvorleg at små kontor, ofte i distrikta, blir utkonkurrert. Her må alle skjerpe seg for å finne løysningar. Vi jobbar med å skape betre innkjøparar i kommunane, avsluttar Løkken.