Hopp til innhold

Høge forventningar til turistsesongen

STRYN (NRK): Det ser ut til å gå mot nok ein knallsesong for reiselivet i fylket. Alle hotell og overnattingsplassar NRK har vore i kontakt med melder om svært bra booking og høge forventningar til årets sesong.

Lorentz Hjelle

I INNSPURTEN: Ny farge på veggane og nye møblar møter gjestene ved Hjelle Hotel i sommar. Hotelldirektør Lorentz Hjelle er snart ferdig med oppussinga.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi byter ut ein sovesofa med to behagelege stolar, seier Lorentz Hjelle.

Hotelldirektøren ved Hjelle Hotel i Oppstryn har bytt ut finskjorta med ein målingsflekkete kjeledress, og er midt i innspurten før opning av hotellet.

– Vi har måla opp att alle romma på motellet, dei har fått nye møblar og nye lampar, fortel Hjelle.

No er målet å bli ferdige til 4. mai. Det blir første dag i ein turistsesong som ser ut til å bli enda betre enn fjoråret, som var eit rekordår.

Reiselivet på Vestlandet trur på ein knallsesong for 2016. Bransjen ventar fleire turistar i år enn i fjor, som var eit rekordår.

Ligg føre skjema

FjordNorge sine tal syner at ein hadde 8 prosent fleire gjestedøgn i fjor, samanlikna med 2014. Prognosane tyder på eit nytt gullår, med ein vekst på mellom 5 og 10 prosent.

– Fjordane er den store attraksjonen, og ikkje berre om sommaren. Det ligg enorme moglegheiter for å utvikle heilårs reiseliv og utvide sesongen, seier administrerande direktør i FjordNorge, Kristian Jørgensen.

Tendensen synest å vere den same overalt. NRK sin ringerunde resulterte i ein bråte optimistiske hotelldirektørar på tråden.

– Bookinga er veldig god. Statistikken viser at vi ligg langt føre skjema, seier direktør Ole Henrik Nitter Walaker, ved Walaker Hotel i Solvorn.

– Utsiktene for sesongen er veldig bra, seier hotelldirektør Øivind Wigand, som fortel om ein 14 prosent vekst i høve fjoråret, ved Fretheim Hotel i Flåm.

Øyvind Wigand

STERK VEKST: Direktør Øivind Wigand ved Fretheim Hotel i Flåm er ein av mange hotelldirektørar som er optimistar for turistsesongen 2016.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Juni, juli og august er nær sagt fullbooka. Mai og september ser ut til å bli betre enn i fjor, opplyser Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand.

Valuta, valuta, valuta

Det vert peika på fleire årsaker til dei gode utsiktene, men ein fellesnemnar går att, nemleg den svake norske krona.

– No er det veldig mykje rimelegare å reise i Norge, for både europearar og amerikanarar. Det har kanskje vore litt for dyrt for dei tidlegare, men no har dei lyst å ta turen hit, seier Nitter Walaker.

I tillegg vert det peika på effektiv marknadsføring av Norge i utlandet, samt at mange nok ser på Norge som ein fredeleg og trygg feriedestinasjon.

Solvorn og Walaker hotell

UTVIDAR SESONGEN: – Vi kan ikkje rekne med å få gjester, om vi ikkje har butikken open, seier hotelldirektør Ole Henrik Nitter Walaker ved Walaker Hotel.

Foto: Merete Husmo Høidal/privat / NRK/privat

Kan utvikle drifta

Fleire hotell melder i tillegg om ei gledeleg utvikling det har vore jobba mot i fleire år; å utvide sommarsesongen.

– I fjor begynte sesongen litt tidlegare og slutta litt seinare. Vi ser den same utviklinga i år, seier hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen.

Å få sesongen til å strekke seg lengre betyr mykje for hotella.

– Det gjer at vi kan bli ei heilårsverksemd, som kan tilsetje folk på heilårsbasis. Det er veldig gledeleg, seier Wigand.