Hopp til innhold

Lokkar landets beste til Høgdegalla - men har ikkje "gulrota" i boks...

Gulrota for å sikre seg landets beste høgdehopparar til Høgdegalla under Gamalostfestivalen i Vik er ikkje på plass. – Men vi skal få det, om vi så må asfaltere, ler leiar i Friidrettsgruppa i Vik, Ragnhild Fjærestad.

Høgdegalla i Vik

HØGDEGALLA TRENG GODKJENNING: For å sikre seg landets beste hopparar treng Høgdegallaen i Vik godkjenning. Då kan gode hopp kvalifisere til EM-deltaking.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Vi treng rett og slett ei godkjenning på staden vi skal arrangere, for det må blant anna vere flatt nok, seier leiar i Friidrettsgruppa i Vik, Ragnhild Fjærestad.

Då er det sjølve gulrota ho snakkar om for heile arrangementet. For dersom Vik får ei slik godkjenning, kan hopp under arrangementet kvalifisere utøvarane til EM i friidrett i Zürich i år.

Lokalt hopp-håp

Vikjen Henrik Holmberg har som mål å kvalifisere seg til EM i år, er ein av dei som stiller til start under Høgdegallaen. Hovudmålet hans er OL i Rio de Janeiro i 2016.

Konkurransen er kanskje den einaste han får gjennomføre på heimebane.

Vik friidrettsgruppe håpar at fleire av landets beste hopparar kjem til festivalen som ikkje har vore arrangert dei siste par åra.

– Vi er avhengige av å få ei godkjenning for å få lokka til oss dei beste hopparane i landet. Kanskje kjem det også nokre svenskar, seier Fjærestad.

Truar med å asfaltere

Ho har allereie vore i kontakt med to av landets beste hopparar som har vore i Vik tidlegare på Høgdegalla, Ivan Kristoffer Nilsen og Brede Raa Ellingsen.

Det vert jobba med å få alle krava til godkjenning på plass til den store dagen, 7. juni.

– Skulle det ikkje la seg ordne så får vi asfaltere, ler Fjærestad.