Hopp til innhold

Feira sola med eit vårbad - i dag blir det enda varmare

Etter ei nydeleg helg, kan vi vente oss enda litt høgare temperaturar i dag. Nokon blei til og med freista til å bade i vårsola.

Bading i Lustrafjorden

FJORDBAD: Magnhild frå Luster har delt dette bildet med oss på Instagram med emneknaggen #nrksf.

Foto: Instagram / Magnhild6875

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen har sjølv fått roser i kjakane etter ei strålande vêrhelg, og lovar at også dagen i dag blir veldig fin.

– Då eg sykla på jobb så var det fuglekvitter overalt, og eg har fått vore ute i sola. Kjenner at den varmar i denne årstida, seier Andersen til NRK.

I går var årets hittil varmaste dag med mellom anna 15 grader i skuggen i Førde og 14 grader i Stryn.

– Vi har ein skikkeleg fin dag i vente, og kanskje blir det enda litt varmare måndag, seier meteorologen.

Men ho oppmodar også alle som har høve til å nyte måndagen, for tysdag og onsdag kjem det inn meir skyer og temperaturane søkk litt igjen.

– Onsdag kveld kan det kome inn nedbør, og det blir nok også nedbør fram mot helga igjen, opplyser Andersen.

Sjå bileta folk har delt med oss!

Sognefjorden, Nessane
Foto: Keir Ørnehaug
Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane