NRK Meny
Normal

Mykje vatn og farleg is på fjellet

Mange drøymer om påskefjellet, andre har kanskje tenkt seg ein tur til fjells allereie i dag. NVE åtvarar mot høg vasstand og farleg is mange stader.

Cross-country skiing on frozen lake at sunny winter day.

UTRYGG IS: Under snølaget i fjella kan det vere svært utrygg is, åtvarar hydrolog Leif Johnny Bogetveit. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Colourbox.com

– Isen er mindre sikker enn normalt. Der folk normalt ferdast, er det ikkje sikkert isen er trygg, seier Leif Johnny Bogetveit, hydrolog i NVE.

Skøyteis på Langelandsvatnet

EKSPERT: Leif Johnny Bogetveit, her testar han isen på Langelandsvatnet.

Foto: Karl Kristian Langeland, NRK

Årsaka er ein vinter med like kulde, men likevel mykje snø.

– Snøen kom ganske seint og utan at det var trygg is på vatna. Derfor vil det ofte vere tynne islag på vatna, anten med sørpeis eller tynne sørpelag i isen. Snøen som ligg på toppen kan gjere det ekstra vanskeleg å sjå at islaget er utrygt.

– Ver budd på å falle gjennom

Hydrologen rår alle til å sjekke nettsida varsom.no, med varsel for Hordaland og Sogn og Fjordane og med generelle, gode råd.

Testing av isen er det første viktige punktet på sjekklista.

– Det er veldig viktig å sjekke kor tjukk isen er. Til det kan ein bruke eit isbor, ei øks eller ein stor skrutrekkar, for å sjekke kor tjukk han er på eit enkelt punkt. Då kan ein få ein indikasjon på om isen er sikker, seier Bogetveit.

Han rår folk som går åleine på ski om å vere ekstra forsiktige.

– Det er veldig vanskeleg å kome opp att på tynn is åleine. Viss ein er to saman, og har kasteline eller tau, har ein mykje meir å hjelpe seg med om den eine går gjennom. Du må gå ut ifrå at du kjem til å falle gjennom, for å sette det på spissen, seier Bogetveit.

Gjøset på Langeland

VER FORSIKTIG: Alle som skal ferdast på ski i påska, må vere forsiktige om dei skal gå over vatn. Her frå Gjøset på Langeland i Gaular.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ekstra utrygt i nokre typar område

Regulerte vatn og kraftmagasin er generelt meir usikre enn andre vatn, på grunn av vatn som strøymer gjennom vassinntak og tunnelar. Isen er og generelt dårleg ved innløp og utløps.

– I år er isen ekstra utsett på grunn av smelteperiodar i vinter som gjer at tilsiget har auka. Då blir isen utrygg ved innløp og utløp, i smale vatn og ved smale nes som går ut i vatnet.

Ifølgje varsom.no må du opp i rundt 900 meter for å finne farbar is. Hydrologen seier folk må finne riktig veg og teste isen.

– Ein kan vel også gå rundt vatnet i staden for over isen?

– Det er eit veldig godt råd.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.