Nettsjef Hilmar Fredriksen forstår at folk reagerer på prisen. - Det er jo ein monaleg del av beløpet. Men no er det også inkludert ein del avgifter, seier han.
Stort linjenett
Tal frå Norges Vassdrags- og energidirektorat syner at ved årsskiftet tok Sunnfjord Energi 33.3 øre per kilowatt time i nettleige for ein husstand med 20 000 kilowatt timar i årsforbruk. Til samanlikning tok SFE nett 31 øre og Sognekraft nøydde seg med 30 øre.
Fredriksen seier at årsaka til den høge prisen er at selskapet har eit langt linjenett i km, og få kundar å fordele rekninga på.