Hopp til innhold

Mista lappen etter 131 km/t

Ein bilist mista førarkortet etter at han vart målt til 131 km/t ved Sagefloten i Gloppen.

Det var utrykkingspolitiet som laurdag ettermiddag målte farten i 80-sona mellom Sandane og Reed.

I alt tre bilførarar mista førarkortet, men føraren i 131 km/t hadde høgast fart. I tillegg fekk tre førarar forenkla førelegg for høg fart.

Mistanke om promille

Den same UP-patruljen hadde også promillekontroll på Sandane i morgontimane. Ingen av dei 150 førarane fekk utslag på utandingsprøva. Derimot blir det oppretta sak på ein førar utan gyldig førarkort. Ein bilist fekk bilbeltegebyr, medan ein fekk pålegg om å utbetre manglar.

I Balestrand er ein mann i 40-åra mistenkt for å køyre bil med promille under 0,5. Mannen vart teken med til blodprøve. I alt 26 bilførarar vart kontrollerte i kontrollen.