Hopp til innhold

Full guffe hos Alexela Sløvåg

Etter fleire år med raude tal og låg aktivitet har stemninga skifta hos Alexela Sløvåg.

Lars Narverud, dagleg leiar Alexela Sløvåg

FORNØGD: Endeleg kan Lars Narverud i Alexela Sløvåg smile for no tenar bedrifta pengar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– No er det bra med aktivitet, og det likar vi. Dessutan har vi ein fordel av låg kronekus for vi har utgiftene våre i kroner og inntekter i dollar, seier dagleg leiar Lars Narverud.

Drifta av oljeterminalen i Sløvåg i Gulen har på ingen måte gått på skinner etter at Alexela tok over drifta 2007.

Oljeprisen er sentral

Tankeksplosjonar, rettssaker, kostbar opprydding og omfattande marknadsproblem er noko av det selskapet har vore igjennom. Men no går det veldig bra, mykje på grunn av låg oljepris, seier Narverud.

– Mange av våre kundar har enten forplikta seg til å ta ut olje fysisk på ein gitt pris på ein gitt dato, og som ikkje ønskjer å selje den vidare. Men no vil dei legge den på lager for å kunne selje den vidare til ein betre pris og redusere tapa sine på det.

– Ei anna kundegruppe, som spekulerer i oppgang i oljeprisen, kjøper fysiske oljeprodukt og legg på lager for eitt og to år for å kunne ta ein gevinst viss oljeprisen kjem opp att, noko marknaden ser ut til å tru.

Treng å ta inn att tap

Dei estiske Alexela-eigarane har sidan 2007 brukt ein halv milliard kroner i Sløvåg, og Narverud påpeikar at det er heilt avgjerande at selskapet no tener pengar.

– Det er klart vi er fornøgde med det. Vi har eit stort etterslep som vi skal dekke inn. Vi ønskjer å komme oss vidare og bygge ut slik planen er for å kunne auke kapasiteten for innteninga.

– For innteninga på terminalen er ikkje stor nok åleine til å dekke dei store investeringane som er gjort sidan 2007, seier Narverud.