Dette skjer samstundes som Haugland utvidar tilbodet for andre pasientgrupper, seier direktør Inger Johanne Osland.
Spesialkompetanse
Haugland utvidar talet på rehabiliteringsplassar frå 50 til 55 frå nyttår, men har i avtalen med Helse Vest prioritert område der dei har spesial-kompetanse.
- Det er rygg- og kreftpasientar, pasientar med stor overvekt og dei med kroniske smerter. Vi er veldig glade for å kunne gje tilbod om spesialisert rehabilitering, og vi er nøgde med avtalen vi har med Helse Vest. Men vi håper å kunne utvide kapasiteten vår frå 2007, seier Osland.
Må ut av fylket
Aud Viken
Når tilbodet for ortopedipasientar og Parkinson-pasientar forsvinn frå Haugland, må desse reise ut av fylket og til tilbod nord eller sør for oss, seier klinikkdirektør Aud Viken i Helse Førde. Viken seier det blir ei utfordring å få til eit tilbod tufta på kvalitet og nærleik her i fylket.
- Vi får ei utfordring når det gjeld korleis vi skal ta vare på desse pasientane no når dette tilbodet fell vekk, seier ho.
Mange eldre pasientar
Ein god del av ortopedipasientane er eldre menneske, og lange transportar til rehabiliteringstilbod er ikkje ønskjeleg. Helse Førde må difor eit tilbod basert på nærleik, seier Viken.
- Vi må tenkje på kva område det er viktig å satse på innan rehabilitering i fylket vårt. Nokre tenester må vi nok kjøpe, men vi har ei utfordring når det gjeld å finne eit godt tilbod til dei eldre, seier Viken.