Hoff raskast opp Knausen

Det vart heimesiger under Knausen Opp i Viksdalen.

Sindre Hoff og Bodil Ryste

Raskaste mann og raskaste kvinne opp Knausen: Sindre Hoff og Bodil Ryste.

Foto: Torstein Hatlestad

Viksdølen Sindre Hoff fullførte motbakkeløpet på 23 minutt og 33 sekund. Det var kring 40 sekund raskare enn André Haugsbø (Gaular).

Bodil Ryste (Gaular) var raskast av kvinnene. Ho fullførte Knausen Opp på 30 minutt og 24 sekund.

I alt stilte 32 løparar til start i konkurranseklassa. I mosjonsklassa stilte 35 løparar. Knausen Opp vart arrangert for første gang i helga i samband med 70-års markeringa av Gaularfjellsvegen .