Mange hadde forventa at det skulle løyvast mellom ti og femten millionar. Pengane skulle gjere det mogeleg å legge tunnelen ut på anbod. Men ifølgje Hoddevik kunne det umogeleg vere noko overrasking for nokon, at det ikkje kom pengar til skipstunnel.
– Fiskeriministeren har for så vidt sagt i månadsvis at det vart vanskeleg å finne konkrete midlar, men det har vore litt usikkert om det skulle kome signal i stortingsmelding eller om det skulle kome i budsjettet, seier Hoddevik. – Og så er det dette nye som har kome med nasjonal transportplan, som gjer at vi må vi sjå dette i samanheng med annan infrastruktur i landet.
Kampsak for fiskarane
Men andre prosjekt i landet, vil ikkje leiaren i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Nils Myklebust, høyre snakk om lenger. Tunnel gjennom Stadt har vore kampsak for fiskarane sidan starten på åtti-talet. Og mange hadde håpa på mellom ti og femten millionar kroner på statsbudsjettet, slik at prosjektet kunne leggast ut på anbod. I valgkampen lova Hoddevik sitt parti støtte til skipstunnel, derfor kjenner Myklebust seg lurt.
– Eg har ikkje noko dårleg samvit. Eg har nytta alle høve til å prøve å få dette til, og vi har ikkje fått nokon nedtur enno. Oppturen skal vi jobbe for alle saman framover, seier Hoddevik.