Ho vil kjempe for nynorsk
Frida Melvær, som er førstekandidaten til Høgre ved komande stortingsval, vil kjempe imot framlegget i partiprogrammet om å fjerne karakter og eksamen i sidemål. Til Firda seier ho at ho ikkje vil vere med på å gi nynorsken dårlegare vilkår. Høgre skal ta stilling til sidemålsframlegget på landsmøtet sitt i mars.