Hopp til innhold

Ho ringer ikkje med klokkene

Bjørgvin-biskopen oppfordrar kyrkjene til å ringe med klokkene for Syria og Irak. Men ikkje alle kyrkjer blir med. – Diverre for kort varsel, seier Monica Finden i Aurland.

Monica Finden (kyrkjeverge i Aurland) tek med prestekjolen tilbake til Vangen kyrkje.

IKKJE TID: Kyrkjeverje Monica Finden i Aurland og representantar for andre kyrkjer i fylket vil ikkje ringe med klokkene i morgon. Beskjeden frå biskopen kom for seint fredag. Bildet er teke i samband med ei tidlegare sak.

Den norske kyrkja kom fredag med ei oppfordring til alle kyrkjelydane i landet om å ringe med kyrkjeklokkene mellom klokka 13 og 13.15 kommande søndag. Dette skal vere ei markering av solidaritet med dei som er ramma av krigshandlingane i Syria og Irak.

– Vi har ikkje tradisjon for å bruke kyrkjeklokkene på denne måten, men dette er kanskje den mest alvorlege humanitære katastrofen i vår del av verda sidan andre verdskrig, seier biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug.

Han fortel at dette er eit initiativ frå Det Lutherske Verdensforbund om å vere med på ein internasjonal kampanje som markerer situasjonen i Syria og Irak. Og den internasjonale markeringa skjer søndag 23. oktober.

– Kort varsel

Men fleire kyrkjelydar NRK har snakka med meiner det ikkje er ein god idé å markere solidaritet på denne måten, på denne dagen. Monica Finden er kyrkjeverje i Aurland, og der vil dei ikkje ringe med klokkene søndag klokka 13.

– Vi fekk vite om dette fredag, og då er det kort varsel å informere folk om kvifor vi ringer på andre tider enn vanleg. Dei eg snakka med i kyrkjestyret hadde ikkje høyrt om dette, så det er klart at det ikkje er nok informasjon om dette, seier Finden.

I Sogndal og Leikanger bestemte dei seg først for å ikkje ringe med klokkene. Men kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide fortel at dei no har ombestemt seg. Ho fryktar manglande informasjon til folk kan skape usikkerheit og uro.

I Hornindal kom også meldinga på for kort varsel.

– Eg fekk det så vidt med meg fredag ettermiddag og no er eg på hytta. Det er usikkert om eg får nokon andre til å ringe, seier Anne Lødemel Honningsvåg, som er kyrkjeverje og kyrkjetenar.

– Øydelegg for TV-aksjonen

Finden i Aurland meiner òg at markeringa kan ta merksemda bort frå TV-aksjonen.

– Vi vil ikkje ta bort merksemda frå Røde Kors si innsamling, så vi hadde heller sett at vi hadde ei slik markering ein annan dag, med litt lenger varsel enn to dagar, seier Finden.

Biskop Nordhaug meiner på si side at det passar veldig bra å markere dette på TV-aksjonsdagen.

– Inntektene frå TV-aksjonen går mellom anna til Røde Kors sitt arbeid i nettopp Syria og Irak, så eg forstår ikkje kvifor dette passar dårleg, seier biskopen.

Han håper dei kan tenke seg om ein gong til og finne praktiske løysingar for å få det til.

– I dei kyrkjene der det er gudstenester på søndag, kan kyrkjetenaren vere der ein time til. Det får ein til dersom det er vilje til det, seier Nordhaug.