Hopp til innhold

Ho vil gjerne vinna kampen om nye arbeidsplassar

Sju fylkesmenn kjempar ein hard kamp for å få lagt fleire, nye statlege arbeidsplassar til nettopp sitt kontor.

Anne Karin Hamre

HARD KONKURRANSE: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner Sogn og Fjordane vil vera eit godt vertskap for fleire titals nye statelege arbeidsplassar.

Foto: Christian Blom

Både Sogn og Fjordane, Trøndelag, Troms, Møre og Romsdal, Oppland, Agder og Finnmark vil ha den nye nasjonale fellesadministrasjonen for fylkesmennene.

– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kan styra dette, fordi heile organisasjonen er van med å leia utviklingsarbeid. Me har eit stort IKT-miljø og vil spela på lag med dei andre embeta. Me er dessutan vel vane med å bruka elektronisk kommunikasjon, så større avstandar betyr lite for oss, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Hamre er éin av sju fylkesmenn som har kasta seg inn i kampen om den nye fellesadministrasjonen for fylkesmannsembeta. Regjeringa vurderer eit slikt nytt direktorat med fleire titals arbeidsplassar, som kan bli plassert i distrikta.

Allereie i starten av januar varsla fylkesmann Inger Aleksandersen i Finnmark at dei ønskjer seg eit slikt administrasjonsdirektorat.

Ingvild Aleksandersen

STAT I NORD: – Vadsø har god erfaring med å oppretta nye statlege arbeidsplassar, seier fylkesmann Ingvild Aleksandersen i Finnmark.

Foto: Fylkesmannen i Finnmark

Men Sogn og Fjordane og Finnmark har mange konkurrentar: Også Troms, Trøndelag, Oppland, Møre og Romsdal og Aust- og Vest-Agder ønskjer heile eller deler av den nye fellesadministrasjonen. Det viser fylkesmennene sine høyringsuttaler til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Effektivisering

Forslaget kom rett over nyttår. KMD vil administrera dei 17 fylkesmannsembeta på ein meir effektiv måte:

  • I eit nytt administrasjonsdirektorat vil departementet samla økonomi, rekneskap, arkiv, personalrådgiving og styringa av IKT, tenester som i dag er spreidde over heile landet.
  • Tillegg vil dei flytta ut arbeidsoppgåver som i dag ligg i departementet, som innkjøp av fellestenester og ansvar for større utviklingsprosjekt, til dømes innanfor IKT.
  • I dag er det totalt 2604 årsverk hjå fylkesmannsembeta i landet. Mellom 350 og 400 av desse er administrative årsverk. Fleire titals av desse att kan hamna i den nye fellesadministrasjonen, men det er ikkje bestemt om alle desse jobbane skal vera på ein stad, eller skal desentraliserast.
  • Nokre administrative oppgåver vil framleis bli utført ved det einskilde fylkesmannsembetet.
Arbeiderpartiets fraksjonsleder i Utdanningskomiteen på Stortinget, Gerd Janne Kristoffersen

STAT I MIDT: Assisterande fylkesmann Gerd Janne Kristoffersen i Nord-Trøndelag meiner det nye store fylkesmannsembetet i Trøndelag vil vera veleigna lokalisering.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Sørlandet og Trøndelag mobiliserer

Eit slikt ansvar kan det samanslåtte fylkesmannsembetet i Trøndelag ta på seg, meiner assisterande fylkesmann Gerd Janne Kristoffersen i Nord-Trøndelag:

– Når me blir eit så stort embete, har me ressursar og kan rekruttera gode fagfolk viss administrasjonen blir lagt til Steinkjer.

Også Sørlandet mobiliserer: Eitt av høyringsinnspela kjem frå ordførar Harald Furre (H) i storebrorkommunen i landsdelen, Kristiansand. Furre meiner veslebror Arendal vil vera eit godt hovudsete:

– Fylkesmannsembetet i Agder fungerer veldig bra og vil vera eit godt vertskap. Dessutan skal dei to fylka slåast saman i 2020. Då er det viktig å støtta opp under Arendal som senter for den regionale staten i Agder. Difor har eg som ordførar i Kristiansand anbefalt Arendal, seier Furre.

Harald Furre

STAT I SØR: – Arendal har ein robust arbeidsmarknad som greier og rekruttera og halda på dyktige medarbeidarar, seier ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Staten ut av Oslo

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer ikkje å kommentera lokaliseringa. Kor tid avgjerda blir gjort, er heller ikkje bestemt.

Plasseringa vil vera avhengig av kva som skjer med sjølve fylkesmannsstrukturen. Regjeringa ønskjer færre slike embete.

Sogn og Fjordane står seg uansett godt i konkurransen med dei andre, seier fylkesmann Anne Karin Hamre:

– Blir det faglege lagt vekt på, ligg me godt an. Og så står det i forslaget at retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar skal leggjast til grunn, og det blir trekt fram samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og Venstre om utflytting av statlege arbeidsplassar. Det òg talar til Sogn og Fjordane sin fordel.