Ho vil gje vekk julegåver til fattig familie

Hannah Elisabeth Gornitshni Sandnes frå Førde ville berre gjere jula litt betre for ein fattig familie, men vart overvelda over responsen på Facebook.

Gåvmild førdedame

OVERVELDANDE RESPONS: Sandnes la for to dagar sidan ut eit innlegg på Facebook, der ho ønskte å komme i kontakt med ein familie med dårleg råd i jula.

Foto: Privat/skjermdump frå Facebook / Montasje

Tysdag kveld har ho fått inn 8000 kroner og meldingane har hagla inn frå folk som vil bidra, etter at ho for to dagar sidan søkte etter ein familie som trengde hjelp med julegåvehandelen.

– Det er heilt fantastisk, eg sat og grein heime. Eg har fått litt trua på menneska igjen, seier Sandnes.

Mange slit med dårleg råd

Ho seier ho ikkje er spesielt glad i jula sjølv og har ikkje noko godt svar på kva som vekte givartrongen denne gongen. Men ho veit at det er folk der ute som slit med å få endane til å møtest.

– Eg tenkjer tilbake på barneskulen, då vi kom på skulen og alle fortalde kva dei hadde fått til jul. Det var alltid nokon som ikkje ville seie noko. Den kjensla sit i framleis, så eg håpar eg kan gjere til at det vert éin mindre unge som sit utan gåve på julaftan.

Responsen ho har fått tyder på at fleire har tenkt den same tanken.

– Folk gler seg til pakkar, god mat og at familien skal bli samla. Og vil at andre skal få oppleve det same. Folk er veldig gåvmilde og det er godt å sjå, seier ho.

– Hadde eg vunne ein million ...

Så langt har ho fått kontakt med to familiar som har sendt inn liste over kva borna ønskjer. Den eine er ei åleinemamma, som i tillegg til dårleg råd, slit med å få gjort julevasken på grunn av sjukdom.

– Eg sa at det skal eg så klart hjelpe ho med, seier Sandnes.

Ho veit godt at ho ikkje kan hjelpe alle, sjølv om ho så gjerne skulle gjort det.

– Hadde eg vunne ein million i lotto så hadde eg brukt alt på gåver til andre. Men eg har diverre ikkje ein million, så vi får ta det vi har, seier Sandnes.

Ho er takknemleg for at andre har blitt inspirert av det ho har gjort. Og seier tanken er det viktigaste.

– Det treng ikkje vere stort. Folk må bry seg om kvarandre og ikkje vere redde for å hjelpe, seier ho.