Hopp til innhold

Ho vil finne ut kvifor tannhelsetenesta leverer så få bekymringsmeldingar til barnevernet

I fjor fekk barnevernet berre seks bekymringsmeldingar frå tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. No vil fylkesdirektøren undersøkje kvifor tala er så låge.

Clara Øberg

UNDERSØKJER RAPPORTERINGA: Fylkesdirektør for tannhelse Clara Øberg vil no snakke med klinikksjefane i fylket om kva inntrykk dei har av rapporteringa til barnevernet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Når tannpleiarar og tannlegar undersøkjer tennene til barn, kan dei oppdage teikn på omsorgssvikt eller overgrep. Sogn og Fjordane er fylket der tannhelsetenesta leverer færrast bekymringsmeldingar til barnevernet, med seks meldingar i 2018. Fylkesdirektør for tannhelse i Sogn og Fjordane, Clara Øberg, vil finne ut kvifor det er slik.

– Tala er veldig låge. Det kan sjølvsagt vere reelt, at det ikkje grunnlag for fleire meldingar til barnevernet. Men vi kjem til å sjå på om det er underrapportering til barnevernet frå vår side, seier Øberg.

Auke på landsbasis

I 2017 var talet på bekymringsmeldingar frå tannhelsetenesta til barnevernet 768, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Tal frå fylkestannlegane viser at talet på slike uromeldingar auka til 869 i fjor.

Ifølgje forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest gjeld dei alle fleste bekymringsmeldingane mistanke om omsorgssvikt.

Sjølv om ein tek høgde for lågt folketal, er bekymringsmeldingane i Sogn og Fjordane langt færre enn til dømes i Hordaland.

– Her kan det vere mange årsaker, men skuldast det at vi rapporterer for lite, skal vi ta det på høgste alvor, seier Øberg.

Trur på underrapportering

Klinikkleiar på Florø tannklinikk, Tor Galaasen, trur det dreier seg om underrapportering.

– Fylket vårt har dryge hundre tusen innbyggjarar, talet er nok veldig lågt og eg trur det nok også er underrapportering.

Han meiner frykta for å ta feil gjer at mange kan vegre seg for å melde frå til barnevernet.

– Å sende bekymringsmelding er ofte vanskeleg, ein skal vere sikker i si sak. Det kan vere fleire grunnar til at vi er forsiktige, og særleg for unge tannlegar kan det vere vanskeleg.

Tor Galaasen

MÅ SNAKKE SAMAN: Klinikkleiar ved Florø tannklinikk, Tor Galaasen, meiner tannhelsepersonell må bli flinkare til å snakke saman og støtte kvarandre når dei er bekymra for barn. – Vi bør snakke saman og hjelpe kvarandre til å tore.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han peiker på at ei bekymringsmelding er ei bekymring, og ikkje ei skulding. Skal fleire våge å melde frå, trur Galaasen kollegaer i tannhelsetenesta må bli flinkare til å snakke saman.

– Vi må få det til å ikkje bli så skummelt som mange gjerne synest det er. Vi er advokatar for barna. Er vi bekymra, bør vi nummer ein; notere det ned, og er vi ekstra bekymra bør vi sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Skal undersøkje

Fylkesdirektøren vil no snakke med alle klinikkleiarane i fylket om kva inntrykk dei har av rapporteringa.

– Så må vi sjå om det kan vere ein samanheng mellom det negative fokuset i media på barnevernet i Sogn og Fjordane, og dei som melder bekymringsmeldingar til barnevernet, seier Øberg.

Sjølv om talet rapporteringar har auka på landsbasis, er det framleis er det for få som melder frå når dei er uroa for eit barn, meiner forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø.

Bekymringsmeldingar til barnevernet frå tannhelsetenesta i 2018

Totalt

869

Fylke

Bekymringsmeldingar

Hedmark

36

Oppland

23

Akershus

102

Oslo

130

Østfold

67

Vestfold

48

Telemark

27

Buskerud

45

Vest Agder

44

Aust Agder

22

Rogaland

58

Hordaland

82

Sogn og Fjordane

6

Møre og Romsdal

15

Trøndelag

39

Nordland

46

Troms

45

Finnmark

34

Ekspander/minimer faktaboks