Hopp til innhold

Ho vil bli verdsmeister i styrkeløft

FØRDE (NRK): Silvia Kapstad (19) frå Førde har berre drive med styrkeløft i litt over to år. Likevel skal ho prøve seg i junior-VM i Praha om få dagar.

Løft

EIN IDRETT FOR ALLE: Silvia Kapstad (19) seier styrkeløft er ein idrett alle kan bli god i, og seier fleire jenter bør tore prøve seg i idretten

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det var kjempeartig og ein stor motivasjon for å halde fram med treninga, seier Silvia Kapstad om å bli teken ut på juniorlandslaget tidlegare i sommar.

Det var eit nytt treningsprogram og gode treningskameratar som gav Silvia Kapstad meirsmak på styrkeløft, ein idrett der det konkurrerast om å løfte tyngst i knebøy, benkpress og markløft, både med og utan utstyr.

Etter å ha delteke på fleire større og mindre stemner, bestemte ho seg i november 2014 for å satse for fullt. Mindre enn eit år etter, har førdianaren fått plass på juniorlandslaget.

Klar for VM

Treningsglede

TRENINGSGLEDE: Det er tydleg at Silvia Kapstad er ein dedikert idrettsutøvar, men ho får også mykje glede frå treninga

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Dermed blir ho med til VM i styrkeløft i Praha 3. september. Per dags dato tek løftar ho med utstyr 192,5 kilo i knebøy, 132,5 kilo i benkpress og 185 kilo i markløft, men det skal ikkje stoppe der.

Noko av det som gjer styrkeløft så kjekt er det at ein veldig fort ser framgang. Det er det same om ein løftar to kilo meir, eller eit halvt kilo meir. Ein trenar alltid opp mot eit mål, og det er å få meir vekt på stonga, forklarar Kapstad som løftar i klassen -72 kilo.

Ho seier ho ikkje har tenkt å gje seg før draumen om å bli verdsmeister er blitt ein realitet. Då hjelper det godt at ho fått seg gode treningsrutinar, og at treningsmotivasjonen som regel er på topp.

Ein idrett for alle

Sjølv om styrkeløft gjerne er vanleg å tenkje på som ein mannsdominert idrett, meiner Kapstad at det er mogeleg for alle å gjere det bra og ha det kjekt med idretten, så lenge ein er villig til å trene hardt. Ho ynskjer at fleire skal få auga opp for idretten, og ynskjer at særleg fleire jenter skal tore å prøve seg.

Jenter vil ofte ikkje løfte så tungt fordi dei er redd for å få for store musklar, men det er ikkje noko dei bør tenkje på, seier Kapstad.

Ho seier ho har fått mykje god respons frå familie, venar og publikum som synast det er tøft at ho satsar på ein noko utradisjonell idrett.

– Eg håper eg kan inspirere fleire til å gjere det same, seier ho.