NRK Meny
Normal

Flaggar på halv stong om kystvegen går i indre

Nina Seljestokken og Botnane og Årebrot grendalag vil at kystvegen skal gå langs kysten. Dragkampen om kor vegen skal gå spissar seg til.

Båtverkstad på Årebrot

EIN ENKLARE KVARDAG: På Årebrot er det i dag over 30 arbeidsplassar. Nina Seljestokken skal ta over båtverkstaden som bestefaren skipa.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Grendalaget med ein fot i Bremanger og ein i Flora kommune jobbar for ein ytre trasè på kystvegen. Det meiner dei kan opne opp for kjærkomne tomter som kan utvikle Florø vidare.

– Kystvegen må gagne kysten. Her er det stort industriområde som kan byggast ut, seier Seljestokken i Botnane og Årebrot grendalag.

Grendalaget ynskjer ein ytre trasè som gir ny veg frå Svelgen via Grønenga og Terøy til Brandsøy. Vegen er over 500 millionar dyrare enn det indre alternativet frå Svelgen mot Grov, som truleg vil koste 5,1 milliardar, ifølge kostnadsoverslaget frå Statens vegvesen.

– Det ytre alternativet gir den raskaste vegen mellom Måløy, Svelgen og Florø. Samfunnsmessig får ein mest att for denne vegen, då den gir vegutløysing til nye øyer og fleire arbeidsreiser, meiner Seljestokken.

Differanse frå billigast til dyrast

KOR SKAL VEGEN GÅ?: På karta er det skissert både indre og ytre alternativ.

Foto: Statens Vegvesen

Statens vegvesen tilrår indre

På oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune kom det i år ei utgreiing frå Statens vegvesen om kystvegen her i fylket. Vegvesenet tilrår det indre alternativet.

Prosjektleiar Silje Aalebu

TILRÅR INDRE: Statens vegvesen og prosjektleiar Silje Aaberge Aalbu tilrår indre trasè frå Svelgen til Grov.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Analyseresultata er gode på begge trasear, men vegen til Grov kan bli bygd i to etappar. Den blir difor lettare å realisere. Dette alternativet gir rask veg både til Florø og Førde, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Silje Aaberge Aalbu.

Indre alternativ gir kort veg til både Førde og Florø, men det ytre alternativet gir kortast veg til Florø og noko lenger til Førde.

Seljestokken forstår dei som ynskjer kortare veg til Førde, men meiner det er viktigare å binde kysten saman.

– Det viktigaste med denne kystvegen er ikkje å ha raskast mogleg veg til Førde. Det er store moglegheiter med Terøy-alternativet som gir nytt næringsareal og kort veg mellom kystkommunane.

Ny tilråding på onsdag

Selskapet Kystvegen Måløy-Florø AS kjem onsdag med si tilråding om kystvegen. Tilrådinga til vegvesenet vil vere viktig for deira avgjerd, meiner styreleiar Reidar Sandal.

– Den tel mykje. Vegvesenet har tung anleggsteknisk kompetanse og innsikt basert på kostnadsoverslag. Desse råda tel sterkt med, seier han.

Styret i selskapet har allereie utsett avgjerda ein gong.

– Vi måtte ha meir tid. Det er fornuftig når det er ei vanskeleg oppgåve, seier styreleiar Reidar Sandal.

Nina Seljestokken i Botnane og Årebrot grendelag er spent på utfallet for morgondagen. Ho veit kva ho skal gjere om Kystvegen Måløy-Florø tilrår det indre alternativet.

– Då trur eg at eg må flagge på halv stong. Det blir bra med ny veg uansett, men for meg personleg får ikkje kystvegen noko å sei.

Kystvegen

VIL HA UTVIKLING PÅ KYSTEN: Nina Seljestokken i Botnane og Årebrot grendelag vil at kystvegen skal gå langs kysten frå Svelgen til Florø.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser