NRK Meny
Normal

Ho vart vekt til litt av eit sjokk

To bilbrannar på to dagar i ulike område av Førde har ført til minst sju totalskadde bilar. Sissel Dokset vart vekt av politiet som hamra på døra. Bilen hennar hadde brunne opp.

Sissel Dokset

TIL FOTS: Sissel Dokset, her på ski, må halde seg til å bruke beina ei stund framover. Bilen hennar brann opp natt til laurdag.

Foto: Privat / Privat

– Det er var jo litt skremmande når politiet hamra på døra midt på natta. Dei var nok redde for at det skulle sitte folk inne i bilane. Eg gjekk ikkje ut å opna, men sjekka mobilen, seier Dokset.

Dokset bur ved Hornnes, der den første av dei to brannane skjedde natt til laurdag. På telefonen fann ho at politiet hadde ringt fleire gonger, og tenkte ho måtte ringe opp att med ein gong.

– Då politiet sa bilbrann tenkte eg at nokon måtte ha stole bilen og krasja, slik at den byrja å brenne seier ho.

– Grusomt syn

Men det var langt frå sanninga. Då ho fekk høyre at fleire parkerte bilar stod i brann like ved husa, sprang ho straks ut.

Brannen spreidde seg frå ein bil to andre bilar parkerte like ved.

BRANN NUMMER 1: Slik såg det ut då Sissel Dokset sin bil og tre andre brann ved Hornnes natt til laurdag.

Foto: Tore Sørbø

– Det var eit grusomt syn som møtte meg der. To bilar var allereie heilt utbrente. Min var ikkje heilt utbrent, men eg har vorte fortalt at eg må vrake han, seier Dokset.

Brann Førde

BRANN NUMMER 2: Og slik såg det ut ved Skaratunet etter brannen natt til sundag.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ho seier tankane har vandra mot kva som kunne ha skjedd.

– Det er jo ikkje gøy i det heile teke, for det er store krefter i sving. Det er ein reell fare for at verre ting kan skje enn at bilar brenn opp. No kjenner eg ikkje til eksplosjonsfare ved bilbrannar, men det er jo bensin i bilane.

Ingen menneske eller bustadhus kom til skade i brannane.

Tilfeldig?

To bilbrannar har starta i parkerte bilar denne helga. Det er skremmande, seier Dokset.

– Det skaper litt frykt når det skjer to gonger på to dagar. Første natta tenkte eg at det kunne vere tekniske feil i av bilane. Men sjansen for at det er heilt tilfeldig når det skjer to dagar på rad er mykje mindre, seier ho.

Men Dokset legg likevel til at ho håpar det er tilfeldig.

– Det hadde vore kjekt om politiet kom fram til ein rask konklusjon på etterforskinga, seier ho.

– Kjedeleg på alle moglege måtar

Dokset fortel at forsikringsselskapet har stilt opp etter brannen.

– Ja, dei var veldig hjelpsame. Etter eg ringde vakttelefonen, tok dei seg av all kontakt med bilbergingsselskapet, seier ho.

Eit liv utan bil kan vere vanskeleg i Sogn og Fjordane. Men for Dokset personleg går nokre dagar greitt.

– Eg er utan bil, men jobbar i sentrum med kort avstand til heimen, så for meg går det bra. Men uansett er det ikkje ein situasjon ein ønsker skal oppstå. Det er berre kjedeleg på alle moglege måtar for alle involverte.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen