Hopp til innhold

Ho varslar fakkeltog mot det ferske kommunestyret

Striden om ny ungdomsskule i Vågsøy er no så intens at det no blir varsla fakkeltog mot politikarane i kommunen.

Bianca Hjelle

SINT: Bianca Hjelle står i spissen for det planlagde fakkeltoget i protest mot politikarane som har vedteke å utsette avgjerda om ny ungdomsskule.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trass i at teikningane ligg på bordet og at ein anbodsvinnar er kåra, har maktalliansen i kommunestyret vedtatt å utsette avgjerd om ny ungdomsskule.

Det var dropen for Bianca Hjelle, som står i spissen for aksjonen.

– Det er frustrerande for oss foreldre å sjå på at dei brukar så mykje pengar på ingen verdas ting. Vi ønskjer at dei no sluttar å prate og byrjar å jobbe, seier ho.

Treng skulevedtak raskt

I fleire år har politikarane i Vågsøy prøvd å gjere noko med den nedslitne ungdomsskulen i Måløy.

Trass i at byggekontrakt for nytt skulebygg ligg klart til signering, bestemte fleirtalet i formannskapet seg i førre veke for å utsette saka. Bianca Hjelle seier minst 100 personar allereie har sagt dei stiller til fakkeltog neste onsdag.

Vågsøy ungdomsskule

SYNG PÅ SISTE VERSET: Vågsøy ungdomsskule er nedsliten, men etter fleire år har ikkje kommunen greidd å bestemme seg for om renovering eller nybygging er løysinga.

Foto: Bjarne Eldevik

– Skulen vi har i dag blir snart stengt. Det har blitt bestilt inn ein brakkerigg som ungane våre kan gå på i to og eit halvt år. Men vi føler vi ikkje har tid til å vente lengre, for ungane våre treng skule å gå på, seier Hjelle.

Tidlegare høgreordførar Morten Hagen var forkjempar for ein heilt ny ungdomsskule i Måløy. Ap og partia som stiller seg bak ordførar Kristin Maurstad har hatt ulike tilnærmingar. Både renovering av dagens skule og nybygg på Tennebø på fastlandet har sine tilhengarar.

Hjelle seier at fakkeltoget ikkje demonstrerer for ei bestemt løysing, men at politikarane må manne seg opp til å ta ei avgjerd som sikrar elevane ein god skule så raskt som råd.

– Det som er viktig for oss er ikkje kor skulen ligg, om det blir nybygg eller renovering. Det som er viktig er at vi treng ein skule no.

Fryktar millionkrav grunna utsetjing

Ap-ordførar Kristin Maurstad kan ha sett ein ny rekord. Etter berre tre veker i stolen vil innbyggarane tenne faklane i protest.

Ordførar Kristin Maurstad

ELDDÅP: Kristin Maurstad (Ap) har berre tre veker bak seg i ordførarstolen, no tenner innbyggjarane faklane i protest mot handlingsvegringa til politikarane i kommunen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er ei sak som engasjerer voldsomt. At dei etablerer fakkeltog fordi dei ønskjer fortgang i ungdomsskulesaka har eg både forståing for og tykkjer er flott, seier ho.

Ho presiserer at utsetjinga ikkje betyr at dei seier nei til utbygging, men at dei gjorde det for å handsame saka samstundes med budsjettet. Ho trur det kjem ei avgjerd ei ordning før jul.

Bianca Hjelle fryktar at lokalpolitikarane sløser vekk tid og pengar fordi ein ikkje greier å bestemme seg.

– Når dei har kome i den posisjonen, så er det forventa at dei har litt handlekraft òg, seier Hjelle.