Ho var så lei av å ha bursdag på julaftan at ho like godt bytta dag

SOGNDAL (NRK): «God jul, og gratulerer med dagen». Albertine Aaberge har eigentleg bursdag på julaftan. Det måtte ho berre slutta med.

Albertine Aaberge

SPARSAMT PYNTA: – Eg er nok ikkje ein veldig julete person, seier Albertine Aaberge. Men peparkakehuset er pynta og klart til jul.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg fekk bursdagsgåver på morgonen, og det var det. Etter det var det jul.

Slik var julaftan for Albertine Aaberge då ho vaks opp i Sogndal.

Julaftan og bursdagen er for mange barn dei største dagane i året. For Albertine var det same dag, og julaftan vann alltid over bursdagen.

– Eg trudde det skulle gå over då eg vart vaksen, men det gjorde eigentleg ikkje det.

Så ho gjorde noko med det. Ho skifta bursdag.

Frigjerande å sleppa

– Det mest overraskande er at det er så herleg å ikkje ha bursdag på julaftan. Det er skikkeleg fint å sleppa forventingar om at eg også skal laga noko rundt min eigen bursdag, på toppen av jula.

– Og det er jo mykje humor med å gjera noko slikt, ler ho.

Ho gjekk grundig til verks då den ny bursdagsdatoen skulle veljast, og listar opp kriteria:

  • Ikkje den 24. – Det er ein «uvenskapleg» dato for meg.
  • Ein dato som ofte hamna i pinsen. – I Sogn er det ofte fint vêr i pinsen. Då kunne bursdagen vera ein av dei første dagane i året der me kan sitja ute på kvelden og kosa oss.
  • Ikkje for nære juni. – Mai er liksom godmånaden min.
Albertine Aaberge

– Eg har ei venninne som har fått ei dotter på julaftan. Stakkars dotter, seier eg, men det går venninna mi ikkje med på. Me har det litt morosamt med det, seier Albertine Aaberge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Romjula minst populær

Aaberge har opphavleg fødselsdag på ein av dei sjeldnaste bursdagsdatoane i Noreg.

Dagane i romjula er datoane færrast personar har bursdag på her til lands. ABC Nyheter utarbeidde i 2015 ei oversikt over bursdagsdatoane som er mest og minst populære. 2. juledag er dagen færrast er fødde på, etterfølgt av 1. juledag og julaftan, om ein ser vekk frå skotårsdagen 29. februar.

Erika Ravne Scott er førstekonservator ved Norsk Folkemuseum og har skrive doktorgrad om fødselsdagsselskapet som ritual.

– Det er utruleg viktig for dei aller, aller fleste barn, seier Ravne Scott.

Erika Ravne Scott

BURSDAGSFORSKAR: Erika Ravne Scott er førstekonservator ved Norsk Folkemuseum.

Foto: Norsk Folkemuseum

I forskinga si snakka ho med fleire barn som har bursdag på julaftan. Fleire av dei opplevde det som litt sært og problematisk å ha bursdag den dagen.

– Det handla i stor grad om gåvene. Dei skal få både julegåver og bursdagsgåver på same dag, og så glir det litt over i kvarandre. Dei får ikkje «dobbel dose», slik andre barn får gjennom året.

– Det kan kjennast som dei går glipp av noko andre får. Bursdag og bursdagsselskap blir stadig trekt fram som døme om ein har gått glipp av noko i barndomen, om ein ikkje fekk feira det som alle andre.

Datoen

Og no lurer du vel på kva dato som, ifølgje Albertine Aaberge, er den beste datoen å ha bursdag på?

27. mai.

– Eg blir 46 no, men eg har jo vore 46 sidan mai. På dårlege dagar kan eg tenka på at eg eigentleg er yngre enn eg seier eg er, og då blir eg i godt humør med ein gong, ler ho.

Albertine Aaberge

BERRE JUL: No kan Albertine og familien berre tenka på jul på julaftan, og Albertine har funne seg ein annan bursdagsdato.

Foto: Sondre Dalaker / NRK