NRK Meny
Normal

Ho trugar Vågsøy-rådmannen med mistillit

Betty Hessevik (Sp) og andre politikarar har ikkje lenger tillit til rådmannen i Vågsøy. No vurderer dei mistillitsframlegg.

Betty Hessevik

KAN IKKJE HA TILLIT: Gruppeleiar i Sp Betty Hessevik.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Om vi har ein rådmann som ikkje gir oss sanne opplysningar så kan vi ikkje ha tillit. Då må vi vurdere korleis vi skal handtere det, seier gruppeleiar i Vågsøy Sp Betty Hessevik

Det er striden om Bryggja skule som får politikarar i Vågsøy til å skulde rådmannen for å føre dei bak lyset.

Førre fredag hadde ordførarane i Selje, Vågsøy, og Eid møte saman med rådmennene for å finne ut korleis ein løyser overgangen når Bryggja blir ein del av Stad frå 2020.

Under møtet kom det fram at administrasjonen i Vågsøy vurderer om dei skal omregulere skulen til bustadføremål. Rådmann Knut Ove Leite stadfesta også dette til NRK på onsdag:

– Det er ikkje lenge til 1.1.20 så det er vel naturleg at bygget går inn i oppgjeret mellom kommunane, men det som har vore diskutert administrativt er å sjå på annan arealbruk, sidan vi held på med arealplan.

– Kva anna arealbruk?

– I tilfelle å knyte det til det eksisterande bustadområdet, men eg trur ikkje vi legg mykje arbeid i det, sa Leite.

– Rådmannen har nekta på dette tidlegare

Men alt måndag skreiv gruppeleiar for Sp Betty Hessevik ein e-post til rådmannen. Der spurte ho om det stemte at Bryggja skule skal omregulerast til bustad på nyåret og leggast ut for sal. Rådmannen svarte då at "dette er fyrste gong eg høyrer".

Skjermdump NRK

Eposten: Denne eposten kan føre til mistillitsframlegg i kommunestyret i Vågsøy mot rådmann Knut Ove Leite.

– Det er svært alvorleg

Frp sin gruppeleiar Hogne Bleie reagerer kraftig:

Hogne Bleie

MISNØGD: Hogne Bleie i Vågsøy Frp har mistillit til rådmannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Rådmannen har benekta ovanfor formannskapsmedlemmer på direkte spørsmål at dette har vore tema, det er svært alvorleg om vi har ein rådmann som fer med usanningar ovanfor formannskapsmedlemmer, seier Bleie.

Bleie vil ikkje sleppe saka:

– Eg har hatt ein mistillit til rådmannen etter dette, og eg vil diskutere med andre parti og med andre gruppemedlemmer om vi skal fremje mistillitsframlegg mot rådmannen.

Kan ikkje ha tillit om rådmannen ikkje gir sanne opplysningar

Knut Ove Leite

RÅDMANN: Knut Ove Leite er rådmann i Vågsøy kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Hessevik sende eposten etter at ho fekk nyss i at skulebygget kunne bli omregulert og selt før grensejusteringa, og at det var nemnt i avrundinga av ordførarmøtet.

– Ærlegdom varer lengst, det må vi leve etter. Rådmannen må vi ha tillit til. Om ein ikkje snakkar sant så kan vi ikkje ha tillit. Det er veldig uheldig korleis denne saka utviklar seg.

Knut Ove Leite vil ikkje kommentere saka utover at det korrekte er som NRK har sitert han på, at kommunen arbeider med ein arealplan, og at den vil gå til politisk behandling.

Spørsmålet frå Hessevik om reguleringsendring på nyåret og sal blir eit anna spørsmål som han meiner han har svara korrekt på.

Bryggja skule

BRYGGJA SKULE: Skulen med vel 40 born er vedteken nedlagt til sommaren. Frå 2020 ligg den i ei ny kommune

Foto: Vågsøy kommune